Hans Strøm 300 år

Hans Strøm. Koparstikk.
Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.

I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Jubileet blir markert med fleire arrangement rundt om i regionen, i samarbeid mellom fleire kunnskaps- og kulturinstitusjonar.

Hans Strøm (1726–1797) var mellom dei mest betydningsfulle naturforskarane og opplysningsmennene i Noreg på 1700-talet. Han var ein pioner innan botanikk, zoologi og topografi, og arbeida hans har hatt innverknad på vitskapen og samfunnet.

Strøm var prest i Volda, og han kombinerte det religiøse kallet sitt med vitskaplege studiar. Som opplysningsmann bidrog han til å spreie vitskapleg kunnskap og kritisk tenking. Han er også namnefaren til Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda (HVO).

300-årsjubileet for fødselen til Hans Strøm blir arrangert i samarbeid mellom fleire kultur- og kunnskapsinstitusjonar i regionen: HVO, Nynorsk kultursentrum (ved Aasentunet), Stiftinga Viti (Sivert Aarflot-museet og Sunnmøre museum), Runde Miljøsenter og Romsdalsmuseet.

Hans Strøm-jubileum. HVO-styringsgruppe.
Frå styringsgruppa for jubileet ved Høgskulen i Volda (f.v.): prorektor Eirik Søvik, førstelektor Marit Brekke og professor Per Halse. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Arrangement i regionen gjennom jubileumsåret

Med markeringa av 300-årsjubileet for Hans Strøm vil vi løfte fram opplysingstida og dei lange tradisjonane for kunnskapsutvikling i regionen og dessutan inspirere nye generasjonar i ei tid der kunnskapsbasert informasjon er under press.

Gjennom ulike arrangement i jubileumsåret 2026 vil vi heidre og formidle arven etter Hans Strøm. Med foredrag, utstillingar og eigne undervisningsopplegg for skular ønskjer vi å auke kunnskapen om bidraga til Hans Strøm innan dei ulike fagfelta der han sette spor etter seg.

I tillegg blir det mellom anna to arrangement i Aasentunet denne våren, forskingsseminar om Hans Strøm under dei årvisse Forskingsdagane ved HVO i september 2026 og Hans Strøm-utstilling i regi av Stiftinga Viti til hausten.

Meir informasjon og ei fullstendig oversikt over jubileumsarrangementa kjem på denne sida etter kvart.

Vi ønskjer alle velkomne til å markere Hans Strøm-jubileet saman med oss i 2026!

300-årsjubileet for Hans Strøm er støtta av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre med 200 000 kroner (også omtalt i mai 2025).