Lunsjarrangement: Hans Strøm 300 år – opning av Hans Strøm-jubileet
Velkomen til opninga av jubileet fredag 23. januar.
Hans Strøm (1726–1797) var mellom dei mest betydningsfulle naturforskarane og opplysningsmennene i Noreg på 1700-talet. Han var ein pioner innanfor fleire naturvitskaplege fagområde som botanikk og zoologi, og topografien hans om Sunnmøre vart vidgjeten både i og utanfor Noreg.
Frå styringsgruppa for jubileet ved Høgskulen i Volda (f.v.): prorektor Eirik Søvik, førstelektor Marit Brekke og professor Per Halse. Foto: HVO / Steinarr Sommerset. Til høgre: Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.
Hans Strøm har også vore viktig for Volda-samfunnet og utviklinga av skriftkulturen på Søre Sunnmøre. Han var prest i Volda i 1764–1779 og kombinerte prestegjerninga med vitskaplege studiar. Som prest vart han merksam på bygdeungdom med boklege interesser. Ein av desse, Sivert Aarflot, vart ein viktig folkeopplysningsmann i Volda og grunnla det første folkebiblioteket på landsbygda i Noreg. Seinare vart boksamlinga til Aarflot ei viktig kunnskapskjelde for Ivar Aasen. Det er dermed klare linjer mellom desse tre, som er pionerar innanfor ulike område.
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har innvilga støtte til markering av 300-årsjubileet for fødselen til Hans Strøm. Gjennom ulike arrangement i jubileumsåret 2026 ønskjer vi å heidre og formidle arven etter Strøm. Jubileet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Nynorsk kultursentrum v/Aasentunet, Stiftinga Viti, Romsdalsmuseet og Runde Miljøsenter.
Det første arrangementet 23. januar er eit lunsjseminar i høgskulebiblioteket. Førstelektor Marit Brekke ved Høgskulen i Volda vil halde eit fagleg innlegg om Hans Strøm som vitskapsmann og folkeopplysar.
På opninga av jubileet 23. januar blir det servert kaffi og kake. Alle er velkomne!
- Nettside for Hans Strøm-jubileet: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/hans-strom-300-ar