Fagdag BUP - Konsekvensar av omsorgssvikt og mishandling hjå born og unge

BUP Fagdag
2022-10-06T08:45:00 - 2022-10-06T15:15:00

Born som veks opp i familiar som har utfordringar i høve rus, psykiske helse og vald kan oppleve kvardagen som både stressande og traumatisk.

Kva for konsekvensar får dette for utviklinga til barn? Korleis finn vi desse barna slik at vi kan gi dei hjelp? Kan vi førebygge? Korleis følgjer vi opp barn som opplever traume?
Vi ynskjer også at fagdagen skal gi bakgrunnskunnskap og skape forståing for kvifor Barneblikk-satsinga blir utvida i Møre og Romsdal.

Fagdagen er eit samarbeid mellom BUP Volda, Sjustjerna og Høgskulen i Volda. Barneblikk-satsinga er medarrangør for denne fagdagen.

Målgruppe: Alle som er involvert i arbeid knytt til oppfølging av barn og unge si psykiske helse (skule, barnehage, barnevernsteneste, PPT, helsestasjon, fastlegar, helsestasjonsleagar, kommuneoverlegar, politi, kommunal psykiatriteneste, kommunepsykolog, kommunejordmor,  BUP og DPS).

PROGRAM

08.45-08.50 Velkomen ved kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgård!
08.50-09.00 Introduksjon ved Birgitte H. Øvrelid, fastlege og helsestasjonslege.
09.00-10.15 Traume- og stressrelaterte symptom hos barn og unge. Konsekvensar av omsorgs-svikt og mishandling. v/Stine Lehmann, spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi, førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, Univ. i Bergen.
10.15-10.30 Pause
10.30-11.45 Traume og stressrelaterte symptom forts.
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.15 Meldeplikt til barnevernet. Empiriske, etiske og juridiske betraktningar. v/ Kjartan Leer-Salvesen, professor ved Høgskulen i Volda.
13.15-14.00 Presentasjon av satsinga Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal v/koordinator Toril Kvisvik.
14.00-14.15 Pause
14.15-15.15 Barneblikk på Søre Sunnmøre – Lavterskel og førebyggande tiltak til småbarnsfamiliar som har utfordringar knytta til rus og psykiske helse-plager v/Mette Grytten, leder for Barneblikk og Renate Pedersen, fagansvarleg for Barneblikk familieteam Ulstein

Born og unges helseteneste i Møre og Romsdal

Barneblikk

 

Kurset er godkjent hos:
* Norsk psykologforening har godkjent kurset som 6 timars vedlikehaldskurs for psykologspesialistar

* Den norske legeforening har godkjent kurset som 6 timars valgfritt kurs i etter- og vidareutdanning for spesialitetane allmennmedisin, samfunnsmedisin og barne- og ungdomspsykiatri


Påmelding:
Tilsette frå kommunane melder seg på via Deltager.no.
Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.
Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord

 

Pris: 350,- inkl. lunsj.

Frist for påmelding 30. september

Har du spørsmål som gjeld fagdagen - ta kontakt med 
BUP Volda v/Kari Standal, tlf. 70 05 85 70.

 

 

Del på