Lage frittståande litteraturliste i EndNote

Det er fullt mogeleg å lage pensumlister eller frittståande litteraturlister ved hjelp av EndNote. Dette blir sjølvstendige litteraturlister som ikkje er knytte opp i mot siteringar i teksten.

Det er fleire måtar å lage slike litteraturlister på, vi skal sjå på tre enkle alternativ:

ALTERNATIV  1

  • Start Word og EndNote og juster vindauga slik at du har EndNote-vindauget øvst og Word-vindauget i bakgrunnen.
  • Stå i EndNote og vel kva stil du vil bruke.
  • Vel dei aktuelle referansane du vil ha med i litteraturlista:  klikk på referansane medan du held inne Ctrl-tasten. (Det kan vere lurt å samle dei aktuelle referansane i ei gruppe på førehand.)
  • Hald inne Ctrl-tasten, dra referansane over til Word-dokumentet og slepp dei der.
  • Du har no fått ei litteraturliste, formatert og ordna etter den stilen du valde.

ALTERNATIV 2

  • Opne EndNote
  • Stå i EndNote og vel kva stil du vil bruke.
  • Vel dei aktuelle referansane du vil ha med i litteraturlista:  klikk på referansane medan du held inne Ctrl-tasten. (Det kan vere lurt å samle dei aktuelle referansane i ei gruppe på førehand.)
  • Frå Edit-menyen vel du «Copy Formatted» (Ctlr K) for å kopiere referansane til utklippstavla.
  • Opne eit dokument i Word, plasser markøren der du vil setje inn litteraturlista og klikk på « Lim inn» (Ctrl V)
  • Du har no fått ei litteraturliste, formatert og ordna etter den stilen du valde.

ALTERNATIV 3 – ENDNOTE ONLINE

  • Logg deg på kontoen din i EndNote Online.
  • Vel "Bibliography" frå menyen "Format".
  • Vel mappa du vil lage bibliografi av frå lista "References". (Det er mogeleg å velje fleire mapper samtidig, dei må då leggjast inn i "Quick list" først, sjå under Organisere biblioteket.)
  • Vel ein stil frå lista "Bibliographic Output Style".
  • Vel  filformat HTML elller RTF. (RTF for Word-dokument)
  • No kan du velje mellom å lagre lista, sende den med e-post eller sjå den på skjerm
  • For å lagre: La filformatet vere RTF, og trykk på "Save".
  • Vel "lagre".
  • Når du har lagra fila kan du opne den og redigere den dersom du ønskjer det (Kopier den for eksempel inn i eit Word-dokument).
  • Dersom du ser feil i referansane skal du ikkje rette opp i dokumentet. Gå i staden inn i Endnote og rett opp feila i dei aktuelle referansane der, før du lagar litteraturlista på nytt.