Organisere EndNote-biblioteket
OPPRETTE EI GRUPPE
For lettare å halde orden på referansane dine, kan du organisere dei i grupper.
Framgangsmåte for å opprette ei gruppe:
- Klikk på fanen "Organize"
- Under "Manage My Groups" klikkar du på "New Group".
- Skriv inn eit namn på gruppa og klikk "OK".
- Når du går tilbake til "My References" vil du sjå den nye gruppa på lista.
No kan du gå gjennom referanselista di og leggje referansane i dei gruppene du ønskjer.
SORTERE REFERANSELISTE
Du kan sortere referanselista di ved å klikke på "Author", "Year" eller "Title" på toppen av lista.
SØKE ETTER REFERANSAR
Du kan enkelt søke etter referansar i EndNote-biblioteket ditt.
- Skriv inn ein søketerm i søkeboksen "Quick Search". (Klikk først på "Show Panel" dersom søkeboksen ikkje viser.)
- Vel ei gruppe eller bruk standard "All my references".
- Klikk på "Search".
LEGGE REFERANSAR I "QUICK LIST"
"Quick list" kan brukast dersom du vil lage ei litteraturliste med referansar frå meir enn ei mappe. Du brukar også "Quick list" dersom du vil sende referansane til eit anna referansehandteringsprogram. NB! "Quick list" vert alltid tømt når du loggar deg ut av EndNote.
- Opne ei mappe i menyen "My references"
- Merk dei referansane du vil ha med
Klikk på "Copy to Quick List".
BIBLIOGRAFISKE STILAR
Du kan lage ei eiga favorittliste over "Output Styles" så du slepp å bla gjennom den lange lista kvar gong. Klikk på fanen "Format" . Under "Bibliographic Style" klikkar du på "Select favorites". Vel den eller dei stilane du vil ha og "Copy to favorites". Desse stilane blir no liggande i rullemenyen under "Bibliographic style" slik at det går raskt å hente dei fram.