Vel mappa du vil lage bibliografi av frå lista "References". (Det er mogeleg å velje fleire mapper samtidig, dei må då leggjast inn i "Quick list" først, sjå under Organisere biblioteket.)
Vel ein stil frå lista "Bibliographic Output Style".
Vel filformat HTML elller RTF. (RTF for Word-dokument)
No kan du velje mellom å lagre lista, sende den med e-post eller sjå den på skjerm
For å lagre: La filformatet vere RTF, og trykk på "Save".
Vel "lagre".
Når du har lagra fila kan du opne den og redigere den dersom du ønskjer det (Kopier den for eksempel inn i eit Word-dokument).
Dersom du ser feil i referansane skal du ikkje rette opp i dokumentet. Gå i staden inn i Endnote og rett opp feila i dei aktuelle referansane der, før du lagar bibliografien på nytt.