Studer Administrasjon, planlegging og leiing i Volda

         

Studer Administrasjon, planlegging og leiing i Volda!

Vil du ha mange bein å stå på i yrkeslivet, er dette eit smart studieval! Administrasjon, planlegging og leiing har mykje praksis og tverrfagleg opplegg, knallbra fagmiljø og gir deg ei attraktiv utdanning med etterspurd kompetanse. Du vil kvalifisere for eit breitt utval av yrke både i stat og kommune, privat næringsliv og frivillig sektor.

 

Har du lyst til å planlegge, utvikle og forme det framtidige Norge? Ta ei framtidsretta og praksisnær utdanning i Volda!

I utdanningane står berekraft sentralt, samfunnskunnskap, EU og økonomi står også på timeplanen. Med ei utdanning i administrasjon, planlegging og leiing vere med på å forme ei berekraftig samfunnsutvikling og bidra til at det grøne skiftet vert noko vi gjennomfører, ikkje berre snakkar om.

       

På Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda jobbar vi med berekraft i både undervisninga og forskinga vår. Høgskulelektor Gro Anita Bårdseth fortel deg korleis.

 

Vi tilbyr blant anna desse utdanningane: 

Planlegging og administrasjon (bachelor)

Samfunnsplanlegging og leiing (master)

Samfunnsvitenskap (årsstudium)

 

Gode grunnar til å studere administrasjon, planlegging og leiing i Volda:

Studieopphald i utlandet: Du kan ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Sør-Korea og USA. Les meir om utveksling

Praktisk retta: Studentane i administrasjon, planlegging og leiing får arbeidsoppgåver som er praktisk retta, og arbeider ofte på oppdrag frå reelle oppdragsgivarar som kommunar eller bedrifter. 

Mykje å velge mellom: Du kan mellom anna velge praksisemne som gir både 15 og 30 studiepoeng. Vi har også valemnet Innføring i arealplanlegging og GIS 

Gode samarbeid: Vi har gjesteforelesarar frå praksisfeltet på alle årstrinna i bacheloren. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.