Utdanningsdagen - animasjon
Oppmøte: Sivert Aarflot-huset (mediebygget), SAA 270
Animasjonsutdanninga i Volda er kjend langt utanfor landegrensene, og mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda.
Utdanninga er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjonsteoretiske emne, og design og produksjonsteori. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm) og bruk av animerte teknikkar i nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning.
Etter fullført bachelorgrad er det mogleg å bygge vidare på utdanninga med ein mastergrad. Høgskulen i Volda tilbyr landets einaste praktiske mastergrad innan media, Master in Media Practices. Her møtes mediestudentar frå animasjon, design, produksjon, journalistikk, kommunikasjon og PR til ein felles mastergrad.