Utdanningsdagen - Språk og litteratur

Oppmøte: Berte Kanutte-huset, BK255 (2. etasje)

Har du lyst til å lære om språkleg variasjon og ulike dialektar? Lurer du på kvifor det er så mange ord som er like på norsk og engelsk? Likar du å lese romanar, teikneseriar, og skodespel? Då kan bacheloren i språk og litteratur vere noko for deg!

Bachelorprogrammet i språk og litteratur og årsstudia i engelsk og norsk tilbyd utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gir innsyn i språk, litteratur og kultur frå notid og fortid. Du vel sjølv om du vil fordjupe deg i norsk eller engelsk, og om du vil skrive bacheloroppgåva om eit språkleg eller litterært tema. Om du vel engelsk fordjuping kan du velje å reise på utveksling til England eit heilt semester.

Utdanninga kvalifiserer for jobbar der ein arbeider med kultur, språk og tekst. Dette gjeld mellom anna journalistikk, kulturleiing, forlagsarbeid, kommunikasjonsrådgjeving eller arbeid i bibliotek, arkiv, eller museum. Ein kan også jobbe som lærar i norsk eller engelsk.

Under Utdanningsdagen vil du få ein smakebit av kva du kan lære om i studiet gjennom korte førelesingar. Velkomen til oss på språk og litteratur!