Utdanningsdagane - Planlegging og administrasjon/samfunnsvitskap

Planlegging og administrasjon er ei tverrfagleg og yrkesretta utdanning. Du kvalifiserer deg til å jobbe med utvikling av lokalsamfunn og administrative oppgåver i offentleg og privat sektor. Det er stort behov for folk med kunnskap om planlegging og utsiktene til arbeid er derfor gode.

Du lærer om ulike sider ved samfunnet vårt, både kva dei fysiske omgjevnadane har å seie for trivsel og utvikling, korleis samfunnet vårt er organisert, og korleis vi forvaltar felles ressursar på ein berekraftig måte. Som del av utdanninga deltek du i fleire prosjektarbeid. Her får du øving i metodikkar for innsamling og bearbeiding av data om samfunn, og du får kjennskap til ulike sider av yrkesfeltet.

Vi tilbyr årsstudium i samfunnskunnskap (60 studiepoeng), bachelor i Planlegging og administrasjon (180 studiepoeng) og master i Samfunnsplanlegging og leiing (120 studiepoeng). Årsstudiet er identisk med første året i bachelorutdanninga.

Under Utdanningsdagane vil du få meir informasjon om årsstudium og bachelorutdanninga, både kva for fag som inngår i utdanninga og korleis undervisinga er lagt opp. Du vil også få informasjon om obligatoriske og valfrie fag.


Les meir om Bachelorgraden