Utdanningsdagane - Idrett og friluftsliv

Høgskulen i Volda er kjend for sine studium innanfor idrett og frilufsliv med godt kvalifisert fagmiljø.

Som student ved Bachelor i friluftsliv og naturguide skal du lære å planleggje, gjennomføre og vurdere friluftslivopplegg, opplæring og guiding for born, ungdom og vaksne. Du skal også lære å leggje til rette for helsefremmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på friluftsliv. Høgskulen har eigen kystfriluftslivsbase med både naust, båtar, telt og hamner.

Som student ved Bachelor i idrett skal du mellom anna lære å planleggje, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for born, ungdom og vaksne, og gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak, med vekt på fysisk aktivitet. Du får du tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium ol.

Begge studia kvalifiserer mellom anna til kulturforvaltning, arbeid i frivillige organisasjonar og arbeid i skuleverket i kombinasjon med PPU.

Hos oss vil du få informasjon om studiemodellen for idrett og friluftslivsstudia og undervisningsmåtar.

Lenkje til Bachelor i Idrett og Friluftsliv