Utdanningsdagane - animasjon

Animasjonsutdanninga i Volda er kjend langt utanfor landegrensene, og mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda.

Utdanninga er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjonsteoretiske emne, og design og produksjonsteori. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm) og bruk av animerte teknikkar i nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning.

Les meir om Bachelorgraden

Etter fullført bachelorgrad er det mogleg å bygge vidare på utdanninga med ein mastergrad. Høgskulen i Volda tilbyr landets einaste praktiske mastergrad innan media, Master in Media Practices. Her møtes mediestudentar frå animasjon, design, produksjon, journalistikk, kommunikasjon og pr til ein felles mastergrad, denne kan du lese meir om her