Doktorgrad PhD
Vitskapsteori, metodologi og forskingsetikk
Emnet gir innføring i humanistisk og samfunnsvitskapleg kunnskapsdanning og metodeforståing så vel som sentrale etiske sider ved vitskapleg arbeid. I vitskapsteori vert det mellom anna lagt vekt på hermeneutikk, positivisme og konstruktivisme.

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Doktorgrad PhD
- Søk frå:
- 15.08.2025
Delen om metodologi vert på eit overordna nivå der vi ser på korleis ulike metodar står i forhold til kvarandre og korleis dei heng saman med dei vitskapsteoretiske posisjonane. Meir konkret innføring i viktige forskingsmetodar kjem i DRUSK903 - med vidare fordjuping i valfrie emne.
I arbeidet med etikk er målet å utvikle refleksjon kring eiga forskarrolle og dei etiske utfordringane som ligg implisitt i ulike vitskapsteorietiske posisjonar.
Opptakskrav
Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga.
I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-emnet.
Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.
Søkjarar må kunne dokumentere kunnskap i engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. I emnet vert det også lagt opp til arbeid med eksempel frå forskingsprosjekt på det aktuelle fagområdet og dei praktiske implikasjonane ved å arbeide med vitskapsteori, metode og forskingsetiske problemstillingar. Fagfellerespons og tilbakemeldingar vert gjorde på seminar og gjennom skriftleg digital tilbakemelding.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar: 29.9. – 1.10. (tre dagar) og 5. – 6.11. (to dagar)