Doktorgrad PhD

Vitskapsteori, metodologi og forskingsetikk (Ph.d-emne)

Emnet gir innføring i humanistisk og samfunnsvitskapleg kunnskapsdanning og metodeforståing så vel som sentrale etiske sider ved vitskapleg arbeid. I vitskapsteori vert det mellom anna lagt vekt på hermeneutikk, positivisme og konstruktivisme.

 

Start: 
Haust
Omfang: 
Deltid
Studiepoeng: 
5
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Doktorgrad PhD
Søk frå: 
06.07.2026 - 20.08.2026

I vitskapsteori vert det mellom anna lagt vekt på hermeneutikk, positivisme og konstruktivisme.

Delen om metodologi vert på eit overordna nivå der vi ser på korleis ulike metodar står i forhold til kvarandre og korleis dei heng saman med dei vitskapsteoretiske posisjonane. Meir konkret innføring i viktige forskingsmetodar kjem i DRUSK903  - med vidare fordjuping i valfrie emne.

I arbeidet med etikk er målet å utvikle refleksjon kring eiga forskarrolle og dei etiske utfordringane som ligg implisitt i ulike vitskapsteorietiske posisjonar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. I emnet vert det også lagt opp til arbeid med eksempel frå forskingsprosjekt på det aktuelle fagområdet og dei praktiske implikasjonane ved å arbeide med vitskapsteori, metode og forskingsetiske problemstillingar. Fagfellerespons og tilbakemeldingar vert gjorde på seminar og gjennom skriftleg digital tilbakemelding.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar: 28.9. – 30.9 (tre dagar) og 3. – 4.11. (to dagar)

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga.  

I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-emnet. 

Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag. 

Søkjarar må kunne dokumentere kunnskap i engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk