Vidareutdanning (masternivå)

Prosessleiing

Studiet gir deg kompetanse i prosessleiing og i å designe plan- og utviklingsprosjekt med stor grad av deltaking og medverking i organisasjonar og samfunn.  

Start: 
Vår
Omfang: 
Deltid Samlingar
Studiepoeng: 
15
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå: 
01.11.2026

Studiet har løpande opptak.

Studiet skal gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar. Studentane skal få eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar.

Meir informasjon om studiet

Studiet gir kunnskap om kommunikativ rasjonalitet og plasserer kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng. Det vil bli lagt vekt på å trene studentane i ferdigheita til å stimulere dialog og refleksjon i grupper og i å bruke kommunikative metodar. Studentane får eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar. Oppøving av evne til kritisk refleksjon over eiga og andre si rolle i gruppeprosessar er ein viktig del av studiet.

Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller godskrivast som valfritt emne i Master i samfunnsplanlegging og leiing og Master i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagd opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar og planproblem. Studentane får tilgang til eit eige rom i Canvas der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m., og der ein kan levere heimeoppgåver, for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar vår 2026: veke 3, 7 og 12. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar, tysdag til og med fredag, og ein studiedag (måndag) på kvar samling. Det er krav om minimum 80% prosent frammøte for å få ta eksamen i emnet.

  • Samling 1, veke 3: 13.-16. januar
  • Samling 2, veke 7: 10.-13.februar
  • Samling 3, veke 12: 17.-20.mars

Fyrste undervisningsdag: tysdag 13. januar, kl 09:15, rom kjem.

Opptakskrav

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.

  • For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
  • Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).