Vidareutdanning (masternivå)

Prosessleiing

Studiet gir deg kompetanse i prosessleiing og i å designe plan- og utviklingsprosjekt med stor grad av deltaking og medverking i organisasjonar og samfunn.  

Start:
Vår
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
15
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå:
01.11.2024

Studiet har løpande opptak.

Studiet skal gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar. Studentane skal få eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar.

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om kommunikativ rasjonalitet og plasserer kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng. Det vil bli lagt vekt på å trene studentane i ferdigheita til å stimulere dialog og refleksjon i grupper og i å bruke kommunikative metodar. Studentane får eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar. Oppøving av evne til kritisk refleksjon over eiga og andre si rolle i gruppeprosessar er ein viktig del av studiet.

 

Opptakskrav

180 stp høgare utdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagd opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar og planproblem. Studentane får tilgang til eit eige rom i Canvas der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m., og der ein kan levere heimeoppgåver, for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller godskrivast som valfritt emne i Master i samfunnsplanlegging og leiing og Master i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar vår 2025: veke 3, 7 og 12. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar, tysdag til og med fredag, og ein studiedag (måndag) på kvar samling. Det er krav om minimum 80% prosent frammøte for å få ta eksamen i emnet.

Fyrste undervisningsdag: tysdag 14. januar, kl 09:15, rom kjem.