Offentleg organisering og leiing

Vidareutdanning (masternivå)

Vidareutdanninga på masternivå er spesielt eigna for leiarar av resultateiningar og avdelingar, i tillegg til topp- og mellomleiarar i kommunar, fylkeskommunar og stat.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    180 stp høgare utdanning

Studieinnhald

I studieprogrammet blir moderniseringa av offentlig sektor sett i lys av fleire perspektiv og nyare forsking med sikte på å gjere studentane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon. Dei skal mellom anna utvikle kompetanse til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor, og få kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing. Les meir i emneplanen her.

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller det kan inngå som obligatorisk del av master i Samfunnsplanlegging og leiing og som valfri del i master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar vår 2022: veke 1, 6 og 12. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar (tysdag-fredag) og ein studiedag (måndag) på kvar samling. Andre samling er heildigital (zoom). Fyrste og andre samling er heildigitale (zoom). Tredje samling er fysisk på høgskulen. 

1. undervisningsdag: tysdag 4. januar kl 09:15 på zoom. Lenkje kjem i Canvas.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    180 stp høgare utdanning

Stengt for søking

Søknadskode : 4341