Vidareutdanning (masternivå)

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk

Vidareutdanninga er profesjonsretta og skal gi barnehagelærarar og lærarar kompetanse til å kunne gjennomføre og utvikle opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø – ein kompetanse det er stort behov for i skuleverket.

Språk
Start: 
Haust
Omfang: 
Deltid Samlingar
Studiepoeng: 
30
Varigheit: 
2 semester (1 år)
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Studiet er tverrfagleg og skal gi deg teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen. Du skal mellom anna få kunnskap om fleirspråklegheit, norsk i eit andrespråksperspektiv, andrespråkslæring og andrespråksundervisning. Kunnskap om samanhengar mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirkulturelle utdanningskontekstar ein viktig del av studiet. 

 

Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet, må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR. 

Har du spørsmål om dette kan du kontakte EVU-koordinator Ole Frank Bakken.

Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/

 


 


 
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk. Eksamen i haustsemesteret er ein individuell skriftleg tekst i artikkelformat, og i vårsemesteret ein munnleg eksamen. 

Arbeidsformene vil variere mellom forelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid i grupper, feltarbeid, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av digitale kommunikasjonsverktøy. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Kvar samling går over to heile dagar på Høgskulen i Volda frå kl. 09.15-kl. 15.00.

  • Veke 36: torsdag 3. september – fredag 4. september
  • Veke 39: torsdag 24. september – fredag 25. september
  • Veke 44: torsdag 29. oktober – fredag 30. oktober
  • Veke 48: torsdag 26. november – fredag 27. november

 

Opptakskrav

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule innanfor følgande utdanningsvegar:

  • grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning, der minst 30 stp norsk inngår i fagkretsen
  • barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
  • fagutdanning med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), der minst 30 stp norsk inngår i fagkretsen
Aktuelle yrke og vidare studium

I både barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og i vaksenopplæringa er det behov for lærarar med kompetanse i utvikling og gjennomføring av opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø.

Studieplan - Deltid

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå

Studieprogram: 
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Dette er eit studium som har barnehagelærarar og lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring som målgruppe. Opptaksgrunnlaget til studiet er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) og innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning, der minst 30 studiepoeng norsk inngår i fagkretsen
  • barnehagelærarutdanning eller førskulelærarutdanning
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning, der minst 30 studiepoeng norsk inngår i fagkretsen
Om studiet

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg studium som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen gir. Studiet gir kompetanse for pedagogisk og norskdidaktisk arbeid med barn, ungdom og vaksne i ein fleirspråkleg og fleirkulturell læringssituasjon. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.

Kunnskapar

Studenten har:  

  • avansert kunnskap om fleirspråklegheit 
  • avansert kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning 
  • brei kunnskap om samanhengar mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirkulturelle utdanningskontekstar
  • inngåande kunnskap om korleis ein kan utvikle ein antirasistisk og fleirkulturell skule og barnehage   
Ferdigheiter

Studenten kan:  

  • gjennomføre norskopplæring for born, unge eller vaksne med eit anna morsmål enn norsk
  • utvikle innhaldet i skulen eller barnehagen på måtar som er tilpassa ein språkleg og kulturelt mangfaldig barne- ungdoms- eller vaksengruppe
  • skape læringsmiljø som bidreg til å motvirke fordommar og diskriminering
  • analysere og handtere pedagogiske og fagdidaktiske utfordringar og moglegheiter knytt til læring og utvikling for born, unge eller vaksne som held på å lære norsk
Generell kompetanse

Studenten kan: 

  • engasjere seg i og initiere utviklingen av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av emna Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1 (15 stp) og Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2 (15 stp). Emne 1 er lagt til haustsemesteret, og emne 2 er lagt til vårsemesteret. Bestått eksamen på emne 1 er ein føresetnad for å kunne ta emne 2.

Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk, med krav om 70 prosent frammøte/deltaking, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6. I emne 1 skal studentane gjennomføre eit feltarbeid på éin til to dagar i barnehage, skule eller annan institusjon der det skjer fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar.

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå
Navn: 
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå
Ansvarleg
Randi Myklebust, tlf: 70 07 53 78, randim@hivolda.no og Birgitte Fondevik, tlf: 70 07 50 39, birgitte.fondevik@hivolda.no