Norsk 2: Lese- og skriveopplæring

Vidareutdanning (bachelornivå)

God lese- og skriveopplæring er ein føresetnad for læring for alle elever. Studiet NOR2LSN gir kunnskap i og kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring, emne som er svært sentrale i gjeldande læreplan for grunnutdanninga, LK20.

Studiet har ei studieavgift på kr 10 000, i tillegg til semesteravgift.

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning og 30 stp i norsk, eller fullført førskule- eller barnehagelærarutdanning.

  • Studieplan

Studieinnhald

Sentrale tema er teoriar om lese- og skriveopplæring, utvikling av lese- og skriveferdigheitar, lese- og skrivevanskar, norsk som andrespråk, kunnskap om tekstar i ulike sjangrar og kunnskap om lesing og skriving som reiskap for læring og danning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

NOR2LSN er heilt nettbasert. Det vil seie at undervisinga er asynkron slik at studentane bestemmer sjølve når dei vil arbeide med studiet. Studiet (30 stp) er eit deltidsstudium som går over eitt heilt år.

Undervisninga er organisert i fire modular i læringsplattforma Canvas. Modulane består av leksjonar (t.d. fagfilmar, videoførelesingar og skriftlege tekstar) som presenterer og aktualiserer viktige emne i studiet. I kvar modul arbeider studentane med tre skriftlege arbeidskrav som krev at dei reflekterer rundt både leksjonane, relevant pensum og klasseromspraksis. Studentane får rettleiing på tekstane dei leverer som arbeidskrav.

Vurdering: Mappeeksamen på slutten av vårsemesteret
Studentane leverer inn tre av dei skriftlege arbeida for avsluttande vurdering i ei eksamensmappe. Begge målformer må vere representerte. Mappa skal i tillegg innehalde eit teoriforankra refleksjonsskriv

Aktuelle yrke og vidare studium

Med 60 stp. i norsk er ein etter Kompetanseforskrifta kvalifisert til å bli tilsett for å undervise i norsk på ungdomssteget. For undervisning i barneskulen vil 60 stp. i norsk gjere deg til ein ressursperson i skulens største fag. For dei som har førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning, kan studiet vere del av dei 60 studiepoenga Kompetanseforskrifta krev for å bli tilsett for undervisning i skulen på barnesteget (1.-4. klasse). 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Når du har registrert deg som student, vil du få tilgang til læringsplattforma Canvas. Der vil du finne meir informasjon om studiet og på kva tidspunkt dei ulike modulane vert publiserte.

Pensum

Pensumlista blir publisert her i byrjinga av mai, under emnekoden NOR2LSN

Studieplan

Norsk 2, Lese- og skriveopplæring (nettstudium)

Studieprogram: 
Norsk 2, Lese- og skriveopplæring (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning med 30 studiepoeng i norsk eller fullført førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning.

Om studiet

NOR2LSN byggjer på norsk i lærarutdanningane og gir ei vidareutdanning som er knytt til sentrale norskdidaktiske emne. Studiet gir kunnskap om og kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring, både den første og den vidare lese- og skriveopplæringa. Dette er svært sentrale emne i gjeldande læreplan for grunnskulen, LK20. NOR2LSN er eit relevant studium for dei som er ferdig utdanna lærarar/ førskulelærarar/ barnehagelærarar og som ønskjer ei fagleg oppdatert vidareutdanning i grunnskulens norskfag.

Med 60 stp. i norsk er ein etter Kompetanseforskrifta kvalifisert til å undervise i norskfaget på ungdomssteget. For undervisning i barneskulen vil 60 stp. i norsk gjere deg til ein ressursperson i skulens største fag.

For dei som har førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning kan NOR2LSN vere del av dei 60 studiepoenga Kompetanseforskrifta krev, i tillegg til førskulelærar-/barnehagelærarutdanning, for å bli tilsett for undervisning i skulen på barnesteget (1.- 4. klasse).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til lese- og skriveopplæring
  • har kunnskap om lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om korleis ein utviklar lese- og skrivelyst, og om lese- og skrivestrategiar
  • har kunnskap om kartlegging og vurdering av det faglege nivået til elevane i lesing og skriving
  • har kunnskap om korleis IKT skaper nye arenaer, tekstar og føresetnader for kommunikasjon
  • har kunnskap om at lesing og skriving er både reiskapar for læring og for danning
  • har god kunnskap om ulike typar tekstar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre gode læringsforløp i lese- og skriveopplæringa basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
  • kan leggje til rette for god lese- og skriveopplæring for elevar med lese- og skrivevanskar og elevar som har norsk som sitt andrespråk
  • kan stimulere lese- og skrivelyst i skulen, og drive opplæring i lese- og skrivestrategiar
  • kan tilby elevane ei variert, tilpassa og differensiert lese- og skriveopplæring opplæring der elevar får kjennskap til ulike lese- og skrivestrategiar tilpassa kontekst og føremål
  • kan nyttegjere seg IKT i lese- og skriveopplæringa
  • kan leggje til rette for ei lese- og skriveopplæring som både stimulerer og utviklar dei grunnleggande ferdigheitene til elevane, og som stimulerer danning knytt til kultursida av norskfaget
  • har den tekstkompetansen, evalueringskompetansen og vurderingskompetansen ein treng for å drive lese- og skriveopplæring.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke faglege kunnskapar om lese- og skriveopplæring til å drive opplæring i tråd med LK20
  • har kunnskap om korleis lesing og skriving er grunnleggande ferdigheiter som er avgjerande for opplæring på alle nivå, og for deltaking i arbeids- og samfunnsliv
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon.
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er på 30 stp. og består av eitt obligatorisk emne. Studiet går over eitt år, med oppstart haustsemesteret og eksamen (vurderingsmappe) vårsemesteret. Studiet er organisert gjennom fire modular gjennom studieåret. Ein modul består av leksjonar som introduserer og aktualiserer faglege tema som studentane skal arbeide med og skrive oppgåver om i påfølgande arbeidsperiode. Slik styrer modulane framdrifta i studiet. Studiet er nettbasert - det er ingen samlingar på studiet.

To av tekstane til studenten skal inngå i ei vurderingsmappe til eksamen, saman med ein individuell presentasjonstekst (sjå emneplanen). 

Navn: 
Norsk 2, Lese- og skriveopplæring (nettstudium)
Emne2023 Haust2024 Vår
1515
Kostnader

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr. 10000 + semesteravgift.

Ansvarleg
Siri Vågene, e-post siri.vagene@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning og 30 stp i norsk, eller fullført førskule- eller barnehagelærarutdanning.

  • Studieplan
Søk frå 1. februar

Søknadskode : 4068

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt