Vidareutdanning (bachelornivå)
Naturfag 8.-13. trinn
I denne vidareutdanninga får du eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere læringsprosessar i naturfag i ungdomsskulen og vidaregåande skule (vg1 og vg3 påbygging).
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Heiltid Nettstudium Samlingar Deltid
- Studiepoeng:
- 60,0
- Varigheit:
- 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Studiet er mellom anna relevant for lærarar som manglar- eller vil komplettere sin undervisningskompetanse i naturfag. Studiet har fire emne á 15 studiepoeng. Studentar utan anna høgare utdanning i naturfag må fullføre alle emna for å få full kompetanse til å undervise i naturfag 8-13. trinn, men det er mogleg å melde seg opp til enkeltemne for dei som vil komplettere anna høgare utdanning i naturfag eller ta studiet over eit lengre tidsrom.
Studieinnhald
Studiet har følgjande emne:
Naturfag 8–13 – Stoffer, energi og berekraft,15 stp
Naturfag 8–13 – Jorda, livet på jorda og berekraft,15 stp
Naturfag 8–13 – Fysikk og teknologi, 15 stp 15
Naturfag 8–13 – Kropp og helse. Cellebiologi og fysiologi, 15 stp
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er satt samen av dei fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar ei samling á 3 dagar per emne.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er satt samen av dei fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar ei samling á 3 dagar per emne.
Studieplan
Naturfag 8.-13. trinn
Studiet er eit vidareutdanningstilbod som skal gi eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere læringsprosessar i naturfag i ungdomsskulen og vidaregåande skule (Vg1 og Vg3 Påbygging). Studiet er m.a. relevant for lærarar som manglar- eller vil komplettere sin undervisningskompetanse i naturfag. Studiet består av fire emne á 15 studiepoeng. Studentar utan anna høgare utdanning i naturfag må fullføre alle emna for å få full kompetanse til å undervise i naturfag 8-13. trinn, men det er mogleg å melde seg opp til enkeltemne for dei som vil komplettere anna høgare utdanning i naturfag eller ta studiet over eit lengre tidsrom.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten
- skal ha kunnskapar i biologi, fysikk, kjemi og geofag
- skal ha kunnskapar om teknologi og programmering i naturfag
- skal ha kunnskap om naturfaget si rolle i tverrfaglege tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling
- skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag
- skal ha kjennskap til varierte formar for undervisning, inkludert demonstrasjonar, bruk av digitale ressursar og praktiske aktivitetar
- skal ha kjennskap til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven si læring
Studenten
- skal kunne planlegga, tilpasse, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning, inkludert praktisk arbeid i lab og i felt.
- skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremja slike ferdigheiter hos elevane
- skal kunne tolke sikkerheitsdatablad og nytte laboratorieutstyr og kjemikaliar på ein forsvarleg måte
- skal kunne nytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema samt naturfagdidaktisk forsking for å utvikla eigen undervisning i faget
Studenten
- skal ha evne til kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
- skal ha evne til refleksjon angåande elever sitt forhold til naturfag og naturvitskap i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle, naturfagundervisning og lokale læreplanar
Studiet er satt samen av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt.
Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar ei samling á 3 dagar per emne, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
I studiet inngår arbeidskrav som må vera godkjent for å gå opp til eksamen.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|
Studenten vel sjølv deltids- eller heiltidsprogresjon | 15 | 15 | 15 | 15 |
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |