Naturfag

Naturfag 1 for 5. - 10. årstrinn

Vidareutdanning (bachelornivå)

Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen naturfag i si tidligare utdanning.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida. 

  • Deltid, Nettstudium, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2023 -
  • Opptakskrav

    Lærarutdanning

  • Studieplan

Studieinnhald

Vidareutdannninga er sett saman av 2 emne på 15 studiepoeng:

  • Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)
  • Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Hovuddelen av teoriundervisninga er nettbasert. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar,

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Det er stort behov for lærarar med naturfagkompetanse på alle trinn i grunnskulen. Lærarar med naturfag i fagkrinsen er difor etterspurte i skule- og oppvekstsektoren.

Studieplan

Naturfag 1 (5-10), oppstart vår

Studieprogram: 
Naturfag 1 (5-10)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen naturfag i si tidligare utdanning. Innhaldet i studiet tilsvarar Naturfag 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. steg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida. 

For å oppnå godkjent naturfagutdanning (30 studiepoeng) for undervisning i grunnskulen blir det krevd at emnet NF101U er bestått i tillegg til NF102U. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna.I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha grunnleggande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkeleg for å undervise på 5.-10. steg i grunnskulen
  • skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisning i skulen
  • skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisingspraksis og for elevar si læring

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 5.-10. steg
  • skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
  • skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • skal øve opp evnen til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitenskap er relevant
  • skal øve opp evnen til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitenskap i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre og utvikle naturfagundervisning
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av dei to emna NF101U (haust) og NF102U (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga blir gitt via internett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. I studiet inngår arbeidskrav som må vera godkjent for å gå opp til eksamen.

Navn: 
Naturfag 1 (5-10), oppstart vår
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ingen.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Ingen.

Internasjonalisering

Ingen.

Kostnader

Ingen.

Anna
Undervisninga blir ikkje sett i gang dersom færre enn 5 studentar melder seg til emna som inngår i studieplanen.
Ansvarleg
Carlos Magnusson, tlf. 70 07 53 85, e-post carlos.magnusson@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2023 -
  • Opptakskrav

    Lærarutdanning

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 4154

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post