Meistring og myndiggjering, strukturperspektivet
Vidareutdanning (masternivå)
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergrad i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2023 -
- Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
Studieinnhald
Studiet skal gi studentane auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis, og kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem. Les meir i emneplanen.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar.
Studentane vel oppgåve tidleg i studiet, og får høve til å levere utkast til kommentar frå faglærar. Dei kan så bearbeide utkastet vidare for endeleg innlevering. Oppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord og skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke litteraturen som vert brukt i emnet. Eksamenen tek utgangspunkt i heimeoppgåva, men gjeld heile emnet. Sjå emneplan for meir informasjon.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar våren 2023: veke 1, 6 og 11. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar (måndag-torsdag) og ein studiedag (fredag) på kvar samling. Fyrste og tredje samling er fysisk på høgskulen. Andre samling er heildigital. Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane), både fysisk og digitalt frammøte gjeld.
1. undervisningsdag: måndag 3. januar, kl 09:15.
Veke 1:
Mandag 2. januar
Tysdag 2. januar
Onsdag 3. januar
Torsdag 4. janur
Veke 6:
Mandag - 6. februar
Tysdag 7. februar
Onsdag 8. februar
Torsdag 9. februar
Veke 11:
Mandag 13. mars
Tysdag 14. mars
Onsdag 15. mars
Torsdag 16. mars
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2023 -
- Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
Søknadskode : 4378