Vidareutdanning (bachelornivå)

GIS og kartkunnskap i arealplanlegging

I dette emnet lærer du om geografiske informasjonssystem (GIS) som planverktøy. Du får også eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på rettsverknadane av arealplanar.

Student med kart.
Start: 
Haust Vår
Omfang: 
Deltid
Studiepoeng: 
10
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Emnet gir kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS), geografiske data, kartografi og planrett. Studenten øver opp grunnleggande ferdigheiter i å hente inn og framstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy og å arbeide fram enkle kart til publikasjon.

Meir informasjon om studiet

Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide med arealplanfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å studere vidare i eit planorientert masterstudium hos oss ved HVO eller ved annan institusjon.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga i emnet går over eitt semester. Emnet kan gjennomførast anten som eit campusstudie og eller som eit nettstudium i læringsplattforma Canvas. Undervisinga er sett saman av nettleksjonar, labarbeid og andre studentaktive læringsformer. Detvert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav. Arbeidskrava utgjer mappeeksamen. Les meir om arbeidskrav, villkår for å framstille seg til eksamen og eksamen i emneplanen. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse