Mastergrad

Erfaringsbasert master i undervisning og læring, fordjuping samfunnsfag

Deltid

No kan du bli ein del av første kull som tek Erfaringsbasert master i undervisning og læring. Studiet er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking.

 

Fordjupingsfaget blir sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Gjennom studiet skal studentane få kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa i samfunnsfag til ei mangfaldig elevgruppe. 

STUDIEPLAN

STUDIEMODELL

Søk studieplass!

Søknadskode : 4537

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 90

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i samfunnsfag med snittkarakter C og
minimum to års relevant yrkespraksis.
 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert.

Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing

Det vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva.

Kontakt

Studieprogramansvarleg: Eivind Patrick Hanevik
Fagleg kontaktperson: Pål Hamre
 

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

Dag 1:
Tid: Torsdag 20. august kl. 16.30-18.00
Stad: K100 (Møterom Kaarstadstova med matservering) 


Dag 2:
Tid: Fredag 21. august kl. 09.15-14.00
Stad: Nettleksjon + Kaarstad 104, 109, 110 og 201


Sjå kart over Campus her.

Oppstarten går over to dagar. Dag ein er berre for studentar som går på  erfaringsbasert master i undervisning og læring, og dag to er saman med studentane på integrert master i grunnskulelærarutdanning.

Samlingsinformasjon/Samlingar

Undervisninga er fordelt på 7 samlingar i haustsemesteret. Kvar samling går over ein til to heile dagar (torsdag/fredag). Undervisingsdagane vil variere frå 4 til 8 timar. Dato for haustsamlingane: 

Veke 35    torsdag 27.8 - fredag 28.8
Veke 36    torsdag 3.9 - fredag 4.9
Veke 37    torsdag 10.9
Veke 38    torsdag 17.9 - fredag 18.9
Veke 39    fredag 25.9
Veke 41    torsdag 8.10 - fredag 9.10
Veke 46    torsdag 12.11- fredag 13.11