Mastergrad

Erfaringsbasert master i undervisning og læring, fordjuping norsk

Deltid

No kan du bli ein del av første kull som tek Erfaringsbasert master i undervisning og læring. Studiet er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking.

Fordjupingsfaget blir sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Gjennom studiet skal studentane få kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa i norskfaget til ei mangfaldig elevgruppe. 

 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4531

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 90

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2020

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i norsk med snittkarakter C og
minimum to års relevant yrkespraksis.
 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert.

Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing.

Det vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva.

Kontakt

Fagleg kontaktperson: Pål Hamre