Semestre

ULESA3C Medborgarskap, danning og demokrati

Emnekode: 
ULESA3C
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Samfunnsfaget er tildelt ei særleg rolle i skulens arbeid med demokrati og medborgarskap. Samfunnsfaget er dermed eit sentralt fag i arbeidet med å gjere elevane i grunnskulen til deltakande og kritisk tenkande medborgarar. Historiske føresetnader for demokrati, medborgarskap og politisk danning er sentralt i emnet, saman med fokus på notidige utfordringar og trugsmål for demokratiet. Dette stiller store krav til samfunnsfaglæraren.

Gjennom dette emnet vil du få kjennskap til sentrale teoretiske og didaktiske tema som er sentrale i møte med ulike tema knytt til undervisning om demokrati og medborgarskap. Samtidig må du som samfunnsfaglærar ha inngåande kunnskapar om demokrati, medborgarskap og politisk danning frå fleire ulike perspektiv. Samfunnsfaget har til dømes ei særleg rolle i skulens arbeid med å forebygge rasisme, ekstremisme og radikalisering. Korleis ein som lærar i samfunnsfag kan bidra i skulens arbeid med slik førebygging vil vere ein del av emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om skulefaget samfunnsfag og kva rolle faget har for medborgarskap og demokrati
  • har inngåande kjennskap til ulike politisk-filosofiske perspektiv på demokrati og medborgarskap og korleis det har utvikla seg over tid
  • har solid forståing av kva demokratisk deltaking kan vere og korleis ein som samfunnsfaglærar kan bidra til at elevane blir kritiske og aktive demokratiske deltakarar
  • har inngåande forståing av kva moglegheiter som ligg i samfunnsfaget og kva tilnærmingar samfunnsfaglæraren kan nytte i undervisning om ulike utfordringar demokratiet har stått og står ovanfor
Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere faglege problemstillingar basert på kunnskap om lærarprofesjonen og samfunnsfaget sin eigenart og verdigrunnlag, og bruke slik innsikt i undervisning, og forskings- og utviklingsarbeid
  • kan drøfte ulike perspektiv på faget si rolle i utdanning for unge menneske som demokratiske samfunnsmedlemmar
  • kan analysere og kritisk vurdere samfunnsfaglege læremiddel
  • kan finne fram til og ta i bruk teoriar og metodar til å reflektere over og utvikle eiga forsking, formidling og undervisning om politisk danning
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk reflektere over og delta i diskusjonar om profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål om profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og samfunnsfaglærarens rolle
  • kan bruke kunnskapar og sentrale teoriar frå geografi, historie og samfunnskunnskap til å formulere eigne problemstillingar og bidra til utvikling av skulefaget samfunnsfag
  • kan setje seg inn i faglege problemstillingar gjennom systematisk innhenting av forskingslitteratur 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at alle studentar deltek aktivt i undervisninga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav:

Studenten skal i løpet av semesteret skrive eit kunnskapsgrunnlag over eit sjøvvald tema. Kunnskapsgrunnlaget må ta utgangspunkt det overodna tema for emnet.

Arbeidskravet er delt i to delar:

A) Levere ei liste over sjøvvald pensum som saman med aktuelt pensum frå emnet skal utgjere litteraturgrunnlaget for arbeidskravet. Tema for arbeidskravet skal godkjennast av faglærar.

B) Skrive eit kunnskapsgrunnlag på inntil 3500 ord. Frivillig rettleiing.

Arbeidskravet vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Arbeidskravets del B skal presenterast munnleg som ein del av eksamen.

Ytterlegare rammer for arbeidskravet vert gitt ved semesterstart, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Lars Ørjan Kråkenes
Elisabeth Teige
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Undervisning og læring - erfaringsbasert master
  • Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg eksamen vil ta utgangspunkt i arbeidskrava i emnet.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023