Engelsk, årsstudium, deltid
Årsstudium
Årsstudium i engelsk gir deg ei grunnleggande innføring i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap.
I løpet av studietida skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.
- Deltid
- Varigheit 4 semester (2 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga på engelskstudiet varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Som deltidsstudent fullfører du 15 studiepoeng kvart semester.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudiet gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkunnskapar.
Studieplan
Engelsk årsstudium, deltid, oppstart haust
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden i språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk
- kultur, samfunn og litteratur i land der engelsk er hovudspråk
- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk
- stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruken til ulike situasjonar
Etter fullført studium kan studenten:
- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk
- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)
- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.
Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.
Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga. Studiet omfattar eit obligatorisk 2-vekes studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York. Studentar som ikkje kan oppfylle dette kravet kan søkje om fritak. Studentar som får fritak vil kunne måtte utføre eit alternativt arbeidskrav med innhald relatert til studieopphaldet i York.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum | 15 | 15 | 15 | 15 |
- Deltid
- Varigheit 4 semester (2 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 170