Engelsk 1, 1.-7. trinn

Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanninga er retta mot lærarar i grunnskulen, og kvalifiserer for undervisning i engelsk språk, kommunikasjon og litteratur/kultur. 

Studiet omfattar grammatiske strukturar og lydsystemet i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. 

  • Deltid, Nettstudium, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 01.03.2023
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er planlagt som ein kombinasjon av nettleksjonar til strøyming, seminardiskusjonar på nett og innlevering av arbeidskrav.

Studiet har 2 samlingar i Volda kvart semester. I tillegg vert det ei vekesamling ved Det norske studiesenteret i York i haustsemesteret. Læringsportalen Canvas og videosystemet Zoom vert nytta.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Endeleg vurdering i emna skjer på grunnlag av mappeinnlevering / arbeidskrav, individuell heimeeksamen og munnleg eksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. 

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på 1.–7. årssteg i barneskulen.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingsdatoar:
6., 7. og 8. september
2.-3. november
1.-8. desember: Det norske studiesenteret i York (*atterhald om endringar)
18.-19. januar
25.-26. april
 

Studieplan

Engelsk 1 for 1.–7. trinn - Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Engelsk 1 for 1. -7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)

Om studiet

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk, litteratur og kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket, og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike sjangrar og til ulike formål, film og digitale ressursar står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kulturar i engelskspråklege land.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og om skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
  • har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  • har kunnskap om korleis barn lærer andrespråk/framandspråk og om korleis ein kan fremje slik læring
  • har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  • har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
  • kjenner eit utval tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
  • kjenner nokre trekk ved kulturar og samfunn i engelsktalande land
Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, og tilpasse språket til målgruppa i ulike situasjonar 
  • bruke normer for akademisk tekstproduksjon
  • lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge
  • bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur, kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa 
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • bruke kjelder etisk og kritisk
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret. Sjå studemodell for meir informasjon om studieløpet.

Emnet er samlingsbasert, med fire samlingar i Volda fordelt over to semester: Den første samlinga er på tre dagar, dei andre er på to dagar. I tillegg kjem nettleksjonar til strøyming, og ei vekessamling ved Det norske studiesenteret i York.  Alle undervisningssamlingar er obligatoriske, men studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York vil få denne erstatta med eit kompensatorisk arbeid basert på emne undervist i York. Nettundervisninga vert som hovudregel gitt i Canvas. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere godkjende. Nokre av arbeidskrava fordrar at studenten anten jobbar i grunnskulen eller har tilgang til skuleklasser i relevant aldersgruppe for å prøve ut undervisningsopplegg. Eitt arbeidskrav vil også kreve at ein dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer.

Navn: 
Engelsk 1 for 1.–7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Emne2023 Haust2024 Vår
15
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin, oppdatert programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med god mikrofon, eventuelt frittståande bordmikrofon med USB-plugg.

Praksis

Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Internasjonalisering

Det vert ei vekesamling ved Det norske studiesenteret i York (sjå merknad over).  HVO dekkjer overnatting og kursavgift, men reise- og kostutgifter må dekkast på annan måte.

Ansvarleg
Åsa Sundnes Bruheim, tlf. 70 07 51 93, aasab@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 01.03.2023
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 4145

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt