Hjelp til sjølvhjelp

Tekst: Tone Solhaug , Foto: Sunniva Liaset

- Oppdatert

Sunniva Liaset arbeider som rettleiar ved NAV i Herøy. Der hjelper ho menneske med å førebyggje, løyse og redusere sosiale problem i kvardagen. 

– Eg har alltid visst at eg ville jobbe med menneske, men eg visste ikkje heilt i kva type arbeid. Då eg gjekk på ungdomsskulen, var eg på hospitering ved ulike vidaregåande skular. Eg fann då fort ut at eg ønskte å gå ein yrkesretta veg, slik eg kunne få prøve ut praksis i ulike fagfelt og interesseområde. Dette fekk eg gjennom praksisperiodane på programområdet Helse- og Sosialfag. 

Sunniva hadde praksis ved ein sjukeheim. Sjukepleiar var eit av yrka ho 
hadde sett seg ut, men det slo ho frå seg etter den første praksisperioden.
I den neste praksisperioden vart ho utplassert i ein barnehage. Dette likte ho betre, men det var framleis noko som ikkje heilt stemte.  

Rettleiar

– Etter å ha fullført det første året på vidaregåande skule, var eg eigentleg usikker på kva eg skulle velje vidare. Eg visste at eg ikkje ville utdanne meg til barnehagelærar eller sjukepleiar, og 
bestemte meg for å prøve noko heilt anna. Eg bestemte meg då for å gå  hudpleie andre året i vidaregåande. Dette vart eit svært lærerikt år, med mykje praksis, men også ein del allmenn teori. 

–  Det var ikkje berre kunnskap om hudpleie eg sat att med etter dette året, men kunnskap om kundebehandling og det å yte god service og det å vere løysings­orientert. Desse erfaringane fekk eg mest lærdom frå og har hatt god nytta av dei seinare. 

Det tredje året på vidaregåande valde Sunniva å gå allmennfagleg på­bygging. Programområdet hadde mykje tung 
teori, men det var det verdt. Sunniva hadde no bestemt seg for å ta høgskule­utdanning og måtte skaffe seg generell studiekompetanse. 
– Eg hugsa godt då klassa mi var på besøk ved Høgskulen i Volda. Det var første gongen eg høyrde om sosionom­yrket, men då fall alle brikkene på plass. Det var det eg skulle bli. Det var så mange moglegheiter for val og 
spennande fag, ja dette var noko eg verkeleg ville. 

Sunniva søkte og vart teken opp på Bachelor i helse og sosialfag, sosionom­utdanning i Volda. 
– Det var tre veldig lærerike og nyttige år, vi lærte mykje om korleis vi skal planlegge og organisere samarbeid saman med brukarane. Ein lærer å sjå menneske på en annen måte enn ein gjer utan utdanning. Eg lærte mange og nye måtar å kommunisere på.

No er Sunniva tilsett som rettleiar ved NAV i Herøy. Her trivst ho godt, og har ein variert og spennande arbeidsdag.
– Å sjå at eit menneske klarer å kome seg på rett veg mot å bli sjølvhjelpt er givande. Ikkje minst å få gå vegen dit saman med dei. Eg kunne ikkje ha 
tenkt meg eit anna yrke, for meg er det ingenting som er meir spennande enn å få arbeide med menneske og lære av kvarandre. Eg tenkjer at det er viktig å hugse på at ingen er lik, ein må setje grenser og ein blir aldri ferdig utlært. Det er også ein fordel å vere flink til å kommunisere, ha empati og tolmod, men i botnen er det viktigaste at ein har eit genuint ønskje om å hjelpe andre. 

Del på