#PRprat: Ope nettmøte om å få algoritmane til å fungere på LinkedIn
Arne Inge Solgard er gjest i #PRprat onsdag 14. februar. Han jobbar med kommunikasjon og digitalt innhald i Abelia.

Foto: Marius Beck Dahle.
Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!
14. februar: Få algoritmane til å fungere på LinkedIn
Neste gjest i #PRprat er Arne Inge Solgard, som jobbar i Abelia som digital innhaldsprodusent. Abelia er NHO si landsforeining for teknologi- og kunnskapsbedrifter. Arne har bakgrunn frå Høgskulen i Volda, der han tok bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media.
I Abelia har Arne fått ansvar for digitale flater. Her forstod han raskt at det låg eit stort potensial i bruken av LinkedIn: ei plattform mange hadde brukar på, men veldig få publiserte innhald på.
Nokre av spørsmåla under nettmøtet handlar om LinkedIn, algoritmar, erfaringar og problemstillingar ved å la enkeltpersonar ha ansvaret for å kommunisere på vegner av verksemda. Skal ein overstyre dei eller rettleie dei?
- Tidspunkt: Onsdag 14. februar kl. 12.00–13.00.
- Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
#PRprat
Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.
Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
- Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.