#PRprat: Frå bankjobb til snacksgründer
Onsdag 8. mai er Kristian K. Fredheim gjesten i #PRprat. Han sa opp jobben som kommunikasjonssjef i Sbanken for å bli gründer med sitt eige snacks-konsept, Wabba!

Wabba-gründer Kristian K. Fredheim. Pressefoto.
Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!
8. mai: Frå bankjobb til snacksgründer
Gjesten i #PRprat onsdag 8. mai kl. 13 er Kristian K. Fredheim. Det er nokre år sidan han tok PR-utdanning i Volda, men no har han tatt verda med storm med sitt eige, nyskapande snacksmerke: Wabba.
I denne utgåva av #PRprat får vi høyre litt om Kristians inspirerande reise frå studentlivet til å bli gründer av eit sunnare alternativ til tradisjonelle snacks. Etter at han var ute i ekstern praksis i ein bank under studia, fekk han meir arbeid i bank og blei til slutt kommunikasjonssjef i Sbanken.
Det var litt av eit steg å ta då han slutta i ein godt betalt bransje for å satse heilt for seg sjølv.
Wabba på TikTok

Wabba-snacksane er baserte på naturlege ingrediensar med lite karbohydrat, sukker og feitt, men masse vitamin, mineral, fiber og protein. Frå november 2023 har Fredheim lansert Wabba i sju land. Litt av suksessen er nok sansen for kanalar, posisjonering og det å skape ein «buzz» for noko ein trur på. Fredheim har utmerkt seg på TikTok, der han deler historia bak Wabba.
Kristian K. Fredheim seier at det har vore ein risiko å ta, men at det er engasjementet for sunn mat, berekraftig forretningsdrift og fridomen til å gjere kva han vil på sine eigne måtar som er inspirasjonen.
- Tidspunkt: Onsdag 8. mai kl. 13.00–13.45.
- Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
#PRprat
Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Alle medie- og kommunikasjonsinteresserte er inviterte til å følgje med.
Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.
Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
- Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.