Ope fagleg seminar: Lokalval og lokaldemokrati i Noreg.
Parallelt med markeringa av studiestart 15. august har vi eit ope fagleg seminar om lokalval og lokaldemokrati i Noreg.

Bjarte Folkestad. Foto: HVO.
Velkomen til eit fagleg seminar i Store auditorium i Berte Kanutte-huset (BK) tysdag 15. august kl. 9.45–10.45!
Seminaret har tittelen Lokalval og lokaldemokrati i Noreg. Historisk utvikling og tendensar i deltaking og representasjon og er ved professor Bjarte Folkestad frå Avdeling for samfunnsfag og historie.
Seminaret er ope for alle, og det er ikkje del av sjølve opningsseremonien for studiestart denne dagen.