IPA171 Grunnleggande innføring i leiing

Emnekode: 
IPA171
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to Leadership
Emnenavn på bokmål: 
Grunnleggande innføring i leiing
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål som gjeld leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar om leiing og leiarar sin situasjon i verksemder.

Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar som gjeld leiing av medarbeidarar 
  • kritisk kunne vurdere rolla som leiar.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne vurdere praktiske problemstillingar, som ein møter som leiar, ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing og skriftleg arbeid. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.

Studentane får tilgang til ei digital læringsplattform (Canvas), der program for undervisninga, førelesingsnotat, videoar, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen

  • To individuelle heimeoppgåver med tildelt tema. Kvar av oppgåvene har eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
  • Ei individuell heimeoppgåve med valfritt tema, eller ha minimum 80 prosent frammøte til den undervisninga som står på planen. Problemstilling for oppgåva skal godkjennast av faglærar. Oppgåva skal ha eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Magnar Hjertenæs
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell2DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022