Å navigere i etiske og juridiske spenningar ved avverjeplikt: innsikt frå norske overgrepsmottak
Studien undersøker korleis helsepersonell ved overgrepsmottak i Noreg navigerer mellom biomedisinske etiske prinsipp, helselovgiving og avverjeplikta når dei arbeider med saker om partnarvald.

Forfattarane av den nye vitskaplege artikkelen (f.v.): Anita Dyb Linge, Kjartan Leer-Salvesen og Solveig Karin Bø Vatnar.
Denne kvalitative studien byggjer på 12 individuelle, semistrukturerte intervju med sjukepleiarar og legar som arbeider ved overgrepsmottak. Studien vart styrt av følgjande forskingsspørsmål: Korleis nyttar helsepersonell ved overgrepsmottak lova om avverjeplikt? Korleis navigerer dei ulike faktorar når dei vurderer å ta i bruk avverjeplikt? Data vart analyserte ved hjelp av Braun og Clarks refleksive tematiske tekstanalyse, med tema basert på biomedisinske etiske prinsipp, inkludert relasjonell autonomi.
To hovudtema vart identifiserte. For det første vart avverjeplikta vurdert til å kome etter, men også parallell til akuttmedisinsk behandling. Nokre deltakarar nytta risikovurderingsverktøy, men alle understreka at det var viktig å sikre at pasienten var trygg etter medisinsk behandling. Likevel var det berre nokre få som anerkjende at avverjeplikta var ein faktor for å trygge pasienten. For det andre vart etiske prinsipp og helselovgiving i større grad anerkjent enn avverjeplikta, noko som skapte dilemma for sjukepleiarar og legar. Desse aktørane møtte utfordringar i å navigere pasientane sin autonomi og velgjerande handlingar i relasjon til avverjeplikta. Konflikt mellom dei etiske prinsippa kan føre til paternalistisk åtferd, som igjen skaper etiske dilemma.
Funna viser spenningar mellom medisinsk praksis og juridiske og etiske standardar, noko som bidreg til at deltakarane utset med å rapportere alvorlege saker om partnarvald til politiet. Helsepersonell ser ut til å prioriterte terapeutiske relasjonar og pasientkonfidensialitet, stundom på kostnad av ansvaret deira knytt til avverjeplikta. For å møte desse utfordringane kan det vere nyttig å styrke deltakarane sin juridisk kompetanse og fremje eit kulturelt skifte i helsetenesta for å tilpasse profesjonell autonomi til juridiske krav og institusjonelt ansvar.
I artikkelen «Navigating Ethical and Legal Tensions in Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence: Insights from Norwegian Assault Centers» kan du lese meir om etiske og juridiske utfordringar ved bruk av avverjeplikt i møte med partnarvald. Forfattarane av artikkelen er Anita Dyb Linge, Kjartan Leer-Salvesen og Solveig Karin Bø Vatnar.




