Kunnskap om avverjeplikt i møte med partnarvald

Ein ny studie undersøkjer kunnskapen om avverjeplikt i ein norsk kontekst blant profesjonsutøvarar og utsette for og utøvarar av partnarvald.

MANREPORT-forskarar.

Artikkelforfattarane (øvst frå venstre): Anita Dyb Linge, Kjartan Leer-Salvesen, Silje Louise Dahl, Susanne Tilke Thon Kristiansen og Solveig Karin Bø Vatnar.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Den norske straffelova pålegg alle i Norge over 15 år å avverje eller på anna måte å forhindre partnarvald. Tidlegare forsking viser at kunnskapen om denne plikta påverkar korleis ein reagerer og handlar i slike situasjonar og difor viktig for å kunne førebygge og forhindre partnarvald (e.g., Cho et al., 2015; Everett et al., 2013; Pratt-Eriksson et al., 2014; Sawyer et al., 2014; Vatnar et al., 2022).

I denne studien har vi undersøkt profesjonsutøvarar, utsette for og utøvarar av partnarvald sin kunnskap om avverjeplikt i ein norsk kontekst. Vi intervjua 59 profesjonsutøvarar (tilsette i overgrepsmottak, politi, barnevern, krisesenter og terapeutar frå Sinnemeistring og Alternativ til vald), 10 som var utsett for vald og 8 som hadde utøvd vald.

Funna våre viser at mange utsette og utøvarar av vald, til tross for omfattande kontakt med profesjonsutøvarar var uvitande om avverjeplikta. Dei som kjente til avverjeplikta hadde ein tendens til å halde tilbake informasjon om pågåande vald i frykt for konsekvensane dersom valden blei rapportert. Fleirtalet av profesjonsutøvarane oppfatta avverjeplikta som ein del av deira profesjonelle rolle og ikkje som ei individuelt ansvar. Nokre profesjonsutøvarar overførte ansvaret for avverjeplikta til andre, som til dømes til kollega eller til næraste leiar. Fleire tilsette i politiet og i overgrepsmottaka kjente betre til deira profesjonelle lover og retningslinjer enn til avverjeplikta.   

Variasjon i kunnskapen om avverjeplikta kan gi praktiske konsekvensar som til dømes manglande rapportering om partnarvald og auka risiko for skade og traume for personar utsett for vald. Når utsette og utøvarar for partnarvald held tilbake informasjon om pågåande vald så kan dette svekke profesjonsutøvarane si moglegheit til å overhalde lova og gripe inn i partnarvalden.

På bakgrunn av funna frå denne studien så kan det vere behov for å auke kunnskapen om avverjeplikta både i befolkninga og blant profesjonsutøvarar i Norge. Ei løysing kan vere at ein i enda større grad vel å inkludere straffeloven §196 inn i profesjonsutdanningane når ein lærer om teieplikt.

I artikkelen: Awareness of Mandatory Reporting of Intimate-Partner Violence: A Thematic Analysis of the Perspectives of Help-Seeking Victims and Perpetrators and Service Providers in Norway | Journal of Family Violence, kan du lese meir om kunnskap om avverjeeplikt i møte med partnarvald. Forfattarane av artikkelen er Anita Dyb Linge, Kjartan Leer-Salvesen, Silje Louise Dahl, Susanne Tilke Thon Kristiansen og Solveig Karin Bø Vatnar.

Del på: