Fann svaret på eiga utfordring

Tekst:

- Oppdatert

f6df19710396bfe3d3c580eec320ec3e
Vinnargruppa: Cicilie Roset Sandseter(f.v.), Jan Åge Sundnes, Robin Mathiasen, Sunneva Marie Gimmestad og Andrine Kvamme

Åtte grupper fekk oppdrag frå fire ulike verksemder under innovasjonscampen for dei som går andre året på grunnskulelærarutdanninga (GLU) ved Høgskulen i Volda (HVO). I løpet av 24 timar skulle dei komme fram til ei løysing som vart presentert torsdag ettermiddag.

Grundig til verks

Vinnargruppa, beståande av Cicilie Roset Sandseter, Jan Åge Sundnes, Robin Mathiasen, Sunneva Marie Gimmestad og Andrine Kvamme fekk i oppdrag frå internasjonalt kontor ved HVO å finne ut kvifor så få GLU-studentar reiser på utveksling til utlandet. Generelt er HVO-studentane av dei beste i landet til å velje utveksling, men blant GLU-studentane ligg Volda på landsgjennomsnittet med seks prosent utveksling.

– Ingen av oss visste i kva semester eller år vi kan reise på utveksling då vi fekk oppdraget. Vi var heller ikkje klar over alle stadane vi kunne reise, slår vinnargruppa fast.

Det har dei derimot fått oversikt over no. Dei starta med å lage ei spørjeundersøking blant GLU-studentar for å finne årsakene til den lave utvekslingsandelen. Der fann dei ut at personlege forhold, strukturen på studiet og for dårlig informasjon er hovudgrunnane til at studentane ikkje freistar lukka ved eit utanlandsk universitet.

Mykje på kort tid

Gruppa fann fort ut at informasjon var det enklaste å gjere noko med. Difor laga dei ei informativ brosjyre som er retta berre mot GLU-studentar.

– Vi har lagt vekt på det visuelle for å freiste studentane og fange merksemda deira. Den inneheld også eit kart over verda som viser kor ein kan reise på utveksling. Vi fann kanskje ikkje opp krutet med den brosjyra, men følte at den var godt gjennomarbeidd og at vi svarte på oppgåva.

Det var juryen, beståande av Dag Magnus Eriksen (Brunvoll Volda), Anne Øie (HVO) og Oddvar Aalde (HVO), heilt einige i.

– Det som imponerte oss spesielt var det grundige forarbeidet gruppa hadde gjort. Dei har fått til mykje på kort tid. Dei har løyst oppgåva godt og hadde ein god idé om korleis produktet ville sjå ut. I tillegg var presentasjonen deira engasjerande, fortalde juryleiar Eriksen.

Juryen
Oddvar Aalde (f.h.), Dag Magnus Eriksen og Anne Øie fortalde at dei hadde ei vanskeleg oppgåve med å plukke ut vinnaren.

Heilt i toppen i Noreg

Kvart år blir det arrangert innovasjonscamp for GLU-studentane ved HVO for å førebu dei på å sjølve gjennomføre innovasjonscamp på ungdomstrinnet og undervise i faget utdanningsval i 9.klasse. HVO var den første høgskulen med innovasjonscamp for grunnskulelærarstudentar, og det var i år niande året det vart arrangert. Innovasjonscampen er eit samarbeid med Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), og er ein meir komprimert versjon av den som blir arrangert i ungdomsskulen.

Dagleg leiar i UE i Møre og Romsdal, Sissel Tegelsrud Kolstad, var også imponert over kva studentane hadde fått til på den knappe tida. Ho er opptatt av at dei tek lærdom av innovasjonscampen og får nytte av det i sitt framtidige yrke.

– Dette er viktig erfaring for studentane å ha med seg når dei skal vere yrkesrettleiarar for elevane i ungdomsskulen. Dei har no også fått ein metode som dei kan trene på for å vere kreative og nytenkande, som dei kan ta med seg ut i arbeidslivet, seier Kolstad.

Ho rosar måten HVO tek entreprenørskap for GLU-studentane på alvor.

– Høgskulen i Volda er heilt klart i toppen på landsbasis med dette opplegget, og det vil vere viktig for dei framover. Entreprenørskap er noko som vil prege framtida i stor grad.

 Det er ord studieleiar for GLU ved HVO, Oddvar Aalde, likar å høre. Han fortel at entreprenørskap er baka inn i fleire fag for studentane, men HVO vil gi det vesle ekstra med denne innovasjonscampen.

– Det er ein veldig styrke å få dette som ein eigne fagdagar. Det er ikkje minst lærerikt å arbeide tett i ei gruppe over lengre tid, noko som også gjer at studentane vert meir samansveisa, meiner Aalde. 

Del på