Fruktbart samarbeid

Text: Per Straume

- Updated

Gjennom eit nytt samarbeid har Helse Møre og Romsdal, Sjustjerna helse og omsorg og Høgskulen i Volda klart å utvikle og løfte ein fagdag som er viktig for regionen.

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Volda, som er ein del av Helse Møre og Romsdal, har i ei årrekkje arrangert fagdag ein gong i året der ein har invitert samarbeidspartnarar i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre (Sjustjerna). Før årets fagdag, som vart arrangert onsdag, var også Høgskulen i Volda (HVO) kopla på som arrangør.  

– Samarbeidet mellom oss, Sjustjerna og høgskulen har fungert veldig bra. Med høgskulen har vi også fått ein profesjonell arrangør som løfta fagdagen, seier Kari Standal, seksjonsleiar og psykologspesialist ved BUP i Volda.

Samhandling

BUP samarbeider i arbeidskvardagen med helsestasjonar, fastlegar, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevernet og skulane. Onsdag utgjorde desse hovudtyngda blant dei over 170 deltakarane. Temaet for fagdagen, med det store auditorium på Berte Kanutte-huset ved HVO som lokale, var autismespekterforstyrrelsar (ASF) hos barn og unge.

Kunnskapsformidling er det klare målet for fagdagen, der gevinsten er at tilsette i ulike stillingar i kommunane og helseføretaket får den same kunnskapen.

– Etter ein slik dag skal det vere lettare å samhandle fagleg mellom ulike yrkesgrupper i arbeidskvardagen, fortel Stian Endresen, praksiskonsulent i Helse Møre og Romsdal og fastlege i Ulstein kommune.

Mange likskapar

Han er opptatt av samarbeidet ein har fått til mellom dei tre aktørane.

– Det er tre store aktørar på Søre Sunnmøre når det kjem til dette feltet. Vi ønsker alle å drive god kunnskapsformidling. Det er mange likskapar mellom Høgskulen i Volda og oss i Helse Møre og Romsdal. Vi skal begge drive utdanning, forsking og formidling av kunnskap – om enn til litt forskjellige målgrupper. Difor er også eit samarbeid som ein ser i dag heilt naturleg, meiner Endresen.

Samarbeidet har også gjort at ein har klart å løfte innhaldet i fagdagen. Onsdag stod Bernhard Weidle, førsteamanuensis ved NTNU og overlege og spesialist i pediatri og barne- og ungdomspsykiatri, for mykje av forelesinga.
 

Bernhard Weidle

– I tillegg er også dette med på å bygge nettverk mellom folk i regionen. Vi har hatt ein arrangementskomité sett saman av helsesøster, kommunepsykolog, overlege og psykologar ved BUP og tilsette ved høgskulen. I arbeidet med ein slik fagdag bygger ein relasjonar i ein slik komité som er viktige, påpeikar Endresen.

Bygge nettverk

Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgjevar ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved HVO, har vore med på liknande faglege arrangement der ein har samarbeidd med Sjustjerna og helseføretaket.

– Dette er eit nytt arrangement i rekka etter at vi starta samarbeidet med desse to aktørane for halvanna år sidan. Vi har hatt både fagdagar og temakveldar tidlegare som det har vore høg deltaking på og i dag er det store auditoriet vårt fullt igjen. Vi er glad for å kunne bygge formelle og uformelle nettverk, og lage arrangement som vi får kopla på våre fagtilsette til, der det er naturleg, seier Tafjord og nemner førsteamanuensis Bente Hasle som heldt eit innlegg onsdag.

Share on