Planar om ny doktorgrad ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume , Foto: Einar Høybakk.

- Oppdatert

For å svare på etterspurnaden i samfunnet etter meir kompetanse på master- og doktorgradsnivå, planlegg Høgskulen i Volda for eit nytt ph.d.-program i humanistiske fag og lærarutdanning.

Utdanningsnivået i det norske samfunnet er raskt aukande. I fleire og fleire samanhengar vert det etterspurt kompetanse på master- og doktorgradsnivå. Universiteta og dei aller fleste høgskulane har i dag både eitt og fleire ph.d.-program.

Høgskulen i Volda (HVO) har sidan 2015 hatt eit tilbod i helse- og sosialfag saman med Høgskolen i Molde, og no vert det arbeidt med å utvikle eit nytt program for humanistiske fag og lærarutdanning som HVO skal drive sjølv. Dette vil bli den tredje doktorgradsutdanninga i Møre og Romsdal.

Lærarutdanning

Høgskulen i Volda har eit særleg ansvar for lærarutdanning og humaniora på Nordvestlandet, og avdelinga for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) er den klart største ved høgskulen.

Med ei doktorgradsutdanning på sentrale område for HVO og AHL vil høgskulen og dermed regionen også bli meir attraktiv for framtidige studentar, arbeidssøkarar og for faglege samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. 

Fleire høgkompetanse-arbeidsplassar

Dei fleste av høgskulens eigne stipendiatar må i dag ta doktorgradsutdanning andre stader i landet, men med eit eige ph.d.-program vil dei få eit lokalt tilbod. Det vil spare mykje ressursar som har gått til reising, og ikkje minst vil det vere med å utvikle den vitskaplege kvaliteten i Volda. 

Med eit eige ph.d.-program vil høgskulen også både få kapasitet til og trenge fleire stipendiatstillingar, noko som gjev fleire høgkompetanse-arbeidsplassar i regionen og styrkjer rekrutteringa til høgskulen. Eit anna viktig mål er at ein ph.d.-grad skal gjere høgskulen sjølvakkrediterande for studieprogram innafor lærarutdanning og humaniora.

Arbeidsgruppe satt ned

Våren 2020 gav både Utdanningsutvalet og Høgskulestyret grønt lys for å greie ut føresetnader og mogleg fagleg profil for ei slik ph.d.-utdanning. I første omgang vart det sett ned ei brei arbeidsgruppe med representantar frå aktuelle fagmiljø og alle dei fire avdelingane. Den gruppa utarbeidde rapporten «Skisse til nytt ph.d.-program ved Høgskulen i Volda» som vart presentert for styret i slutten av oktober.

I tråd med tilrådinga i rapporten er det no sett ned ei mindre gruppe av professorar til å føre arbeidet vidare. Professorar med forsking på relevante fagområde er ein avgjerande føresetnad for at høgskulen skal utvikle eit godt doktorgradsprogram. Med i gruppa er Siv Måseidvåg Gamlem (pedagogikk), Per Halse (KRLE), Tor Arne Haugen (norsk språk), Inger Marie Okkenhaug (historie), Marie Nedregotten Sørbø (engelsk litteratur) og Eirik Søvik (realfag). Dekan Arne Myklebust har bede prodekan Per Halse om å leie gruppearbeidet. 

I månadene framover vil førebuinga av det påtenkte ph.d.-programmet finne stad i nær tilknyting til arbeidet med ny strategiplan for høgskulen. Avdelinga vil invitere dei tilsette til å kome med innspel utover i prosessen.

Del på