Semesters

RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
RUS301
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, og kva for konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?

Kurset har tre temaområde: 

Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel

  • Avhengigheit som fenomen
  • Rusmiddelbruk og marginalisering  
  • Bruk av rusmiddel i historisk perspektiv
  • Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk

Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv

  • Kvinner og menn sin bruk av rusmiddel, kjønnsskilnader
  • Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
  • Ungdom sin bruk av rusmiddel 

Tema 3) Rus og samfunn

  • Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
  • Rus og arbeidsliv
  • Rus, vald og kriminalitet
  • Rus og sjølvmord

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer. Kommunikasjonen mellom studentane innbyrdes og i høve til høgskulen vil for det meste skje ved hjelp av e-læringsverktøyet Fronter.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg i dag, og om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på. 

Ferdigheiter

Emnet har utvikla studenten sin kompetanse til å forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen.

Generell kompetanse

Emnet  bidreg til å utvikle studenten si evne til å reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han møter i yrkessamanheng. 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire underviningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Samingane hausten 2016 er i veke 34, 39 og 45.

Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om minst 80 % frammøte på samlingane.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Silje Louise Dahl
Vidar Kjetil Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Alle. 4000 ord (+/-10%)
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Digital eksamen.Ingen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle.
Omfang: 4000 ord (+/-10%)
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16