Semestre
PPU-DID2RE Didaktikk 2 Realfag
Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1.
Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.
Emnet omfattar arbeid med å analysere elevar si læring i fag, og tilpasse undervisninga for ulike elevgrupper. Korleis faget kan inngå i tverrfagleg undervisning, og evne til kontinuerleg utvikling av lærarrolla i faget, står sentralt i emnet.
Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom i utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur, i de aktuelle faga
- Brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar og tilpassa opplæring i de aktuelle faga
- Kunnskap om faglig danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd.
Studenten kan:
- Bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse opplæringa i de aktuelle undervisningsfaga slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevens evne til kritisk tenking
- Legge til rette for tverrfagleg samarbeid og læringsarbeid med andre fagområde
- Kritisk vurdere og utvikle læringsressursar, inkludert digitale, som er sentrale for de aktuelle undervisningfaga
- Gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
Studenten kan:
- Ta ansvar for faglege samarbeid med relevante aktørar aktuelle for skuleverket og forskingsbaserte utviklingsarbeid som fremjer fagleg nyskaping i opplæringa.
- Formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål.
Undervisning og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle faga. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing, og tilpassa studenten sin fagbakgrunn.
Bestått emne 1 i didaktikk og pedagogikk.
Godkjent oppmøte og arbeidskrav i didaktikk 2.
Gjennomført og godkjent praksis 1 og 2 innan 1.mai.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Studentar leverer arbeidskrav i primærfaget i tillegg til 80% frammøte.
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Studentar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav:
Godkjent 80% frammøte i undervisning i sekundærfaget.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |