Semestre

PPU-DID2RE Didaktikk 2 Realfag

Emnekode: 
PPU-DID2RE
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.

Emnet omfattar arbeid med å analysere elevar si læring i fag, og tilpasse undervisninga for ulike elevgrupper. Korleis faget kan inngå i tverrfagleg undervisning, og evne til kontinuerleg utvikling av lærarrolla i faget, står sentralt i emnet.

Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.  

 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har:

  • Kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom i utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur, i de aktuelle faga 
  • Brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar og tilpassa opplæring i de aktuelle faga
  • Kunnskap om faglig danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd. 
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse opplæringa i de aktuelle undervisningsfaga slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevens evne til kritisk tenking
  • Legge til rette for tverrfagleg samarbeid og læringsarbeid med andre fagområde
  • Kritisk vurdere og utvikle læringsressursar, inkludert digitale, som er sentrale for de aktuelle undervisningfaga
  • Gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Ta ansvar for faglege samarbeid med relevante aktørar aktuelle for skuleverket og forskingsbaserte utviklingsarbeid som fremjer fagleg nyskaping i opplæringa.
  • Formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål.

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle faga. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing, og tilpassa studenten sin fagbakgrunn. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Bestått emne 1 i didaktikk og pedagogikk.
Godkjent oppmøte og arbeidskrav i didaktikk 2.
Gjennomført og godkjent praksis 1 og 2 innan 1.mai.

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i  Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Studentar leverer arbeidskrav i primærfaget i tillegg til 80% frammøte. 

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.  

Studentar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav:  

Godkjent 80% frammøte i undervisning i sekundærfaget. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Silje Ims Lied