Semestre
- 2026 Haust
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
NF101U Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)
Ingen.
Emnet gir den naudsynte faglege og didaktiske kompetansen for å undervise naturfag i grunnskulen på 5.-10. steg med vekt på fysikk og kjemi. Emnet tek for seg sentrale kompetansemål frå læreplanane i naturfag for 5.-10. steg og knyt desse til grunnleggande tema i fysikk og kjemi, som mellom anna energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, periodesystemet, kjemiske bindingar, massebevaring og kjemiske reaksjonar.
I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring og utforsking er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om undervisning og læring av naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar, omgrep og modellar
kunnskap om teknologi og programmering i naturfag
kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
kunnskap om krefter, rørsle, elektromagnetisme, lyd og lys, og korleis elevar kan arbeide praktisk og utforskande med slike tema
kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
kunnskap om bruk av partikkelmodellen for å konkretisere oppbygging av ulike stoff og for å forklare fysiske endringar og fenomen i dagleglivet og naturen
kunnskap om atommodellar, korleis periodesystemet er bygd opp og periodiske trendar
kunnskap om eigenskapar til grunnstoff og kjemiske bindingar
kunnskap om massebevaring, syre-base reaksjonar, pH, korrosjon og forbrenningsreaksjonar.
Studenten skal kunne
planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 2-3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, og enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-6.
Arbeidskrav:
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Ingen.
Ingen.
- Naturfag 1, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | |||
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 |