Semestre

NF101U Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)

Emnekode: 
NF101U
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Haust
Eksamenssemester: 
2026 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir den naudsynte faglege og didaktiske kompetansen for å undervise naturfag i grunnskulen på  5.-10. steg med vekt på fysikk og kjemi.  Emnet tek for seg sentrale kompetansemål frå læreplanane i naturfag for 5.-10. steg og  knyt desse til grunnleggande tema i fysikk og kjemi, som mellom anna energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, periodesystemet, kjemiske bindingar, massebevaring og kjemiske reaksjonar. 

 I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring og utforsking  er ein viktig del av denne kompetansen.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:  

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • kunnskap om undervisning og læring av naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar, omgrep og modellar 

  • kunnskap om teknologi og programmering i naturfag 

  • kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet   

  • kunnskap om krefter, rørsle, elektromagnetisme, lyd og lys, og korleis elevar kan arbeide praktisk og utforskande med slike tema   

  • kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet  

  • kunnskap om bruk av partikkelmodellen for å konkretisere oppbygging av ulike stoff og for å forklare fysiske endringar og fenomen i dagleglivet og naturen 

  • kunnskap om atommodellar, korleis periodesystemet er bygd opp og periodiske trendar 

  • kunnskap om eigenskapar til grunnstoff og kjemiske bindingar 

  • kunnskap om massebevaring, syre-base reaksjonar, pH, korrosjon og forbrenningsreaksjonar. 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter  

  • gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy  

  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag  

Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag  

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning  

  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar  

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 2-3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, og enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå  Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-6.

Arbeidskrav: 

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.   

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.  

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Ingen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Naturfag 1, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Godkjent av: 
Arne Myklebust