Semesters

MMP303 Investigative Journalism

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MMP303
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master in Media Practices
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

This course is given in Norwegian language only

Opptak etter søknad som må innehalde opplysingar om utdanning og praksis. Søknadar sendast til Studentsørvis på epost: studentsorvis@hivolda.no innan 19. november 2020 merka MMP303. Opptak vil bli kunngjort innan to veker.

Om emnet

Emnet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon, der studentane skal oppnå solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen. Viktige element i emnet er utvikling av idear og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research. Andre viktige område er val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, etiske dilemma og kjeldekritisk analyse knytt til ulike former for journalistiske undersøkingar og metodeval. Journalistikkens kunnskapsformer vil i teori og praksis bli relatert til vitskaplege kunnskapsformer, særleg kvalitativ og til dels kvantitativ samfunnsvitskapleg metode.

MMP303 Investigative journalism overlappar med emnet DJM302 Undersøkande journalistikk. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha ei brei oversikt og djup innsikt i journalistisk metode
  • ha god analytisk kunnskap om etikk, kjeldekritikk og rekonstruksjon i den journalistiske arbeidsprosessen
  • ha god kjennskap til mediekritiske innvendingar mot metoder og etiske/kjeldekritiske val som kan bli praktisert innafor ramma av ”journalistisk undersøkelse og produksjon”.
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne bruke metodar, teknikkar og strategiar for å finne idear, nyheiter eller saker som til dels er skjult, til dels vanskeleg tilgjengeleg eller ”oversett” i dagens mediebilde
  • kunne utvikle, planlegge og gjennomføre eigne prosjekt ved bruk av intervju, observasjon og skriftleg kjeldemateriale
  • finne, forstå og bruke statistikk på ein adekvat måte
  • kunne bruke offentlegheitslova og andre lover og reglar, som gir innsynsrett og tilgang til sentrale skriftlege kjelder
  • kunne produsere dokumentarar/reportasjar og lage skriftlege, analytiske metoderapportar knytt til desse
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen: Utvikling av idé og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research
  • vere i stand til å bidra i samfunnsdebatten og arbeide for auka kvalitet i journalistisk produksjon
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer i form av førelesingar/seminar og arbeidsverkstad. Undervisinga vil integrere journalistisk teori, analyse og praksis. Det blir lagt vekt på at studentane arbeider sjølvstendig med kursets faglege problemstillingar, knytt til både eigne prosjekt og eit felles undervisingsopplegg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det vil vere obligatorisk frammøte til undervising

Studenten skal jobbe med eitt større eller 2-3 mindre journalistiske prosjekt med fristar for
 a) idé og plan seinast to veker etter emnets start (Gjennom denne godkjenninga blir omfanget av kvar enkelt students eksamensarbeid avklart). 
 b) levere inn tre rapportar om eige prosjektarbeid i perioden (minimum 1500 ord pr. rapport)

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Hans Martin Dypvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master in Media Practices
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterMappa skal inneholde
a) Et fullført journalistisk eksamensprosjekt (ett større eller 2-3 mindre journalistiske produkt).
b) En metodeoppgave der arbeidet skal presenteres og der sentrale metodiske, etiske og kildekritiske dilemmaer og valg skal analyseres. Refleksjonen skal knyttes til pensumtekster.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Mappa skal inneholde
a) Et fullført journalistisk eksamensprosjekt (ett større eller 2-3 mindre journalistiske produkt).
b) En metodeoppgave der arbeidet skal presenteres og der sentrale metodiske, etiske og kildekritiske dilemmaer og valg skal analyseres. Refleksjonen skal knyttes til pensumtekster.
Hjelpemidler:
Omfang:
Emne som gir studiepoengsreduksjonVektingsreduksjon
JOA202 Undersøkande journalistikk10
DJM302 Undersøkande journalistikk15
Vektingsreduksjoner:
Emne som gir studiepoengsreduksjon:JOA202 Undersøkande journalistikk
Vektingsreduksjon:10
Emne som gir studiepoengsreduksjon:DJM302 Undersøkande journalistikk
Vektingsreduksjon:15
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20