Semestre
MGL5-10NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL5-10NA1A, saman med MGL5-10NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet MGL5-10NA1A gir den naudsynte faglege og didaktiske kompetansen for å undervise naturfag i grunnskulen på 5.-10. steg med vekt på fysikk og kjemi. Emnet tek for seg sentrale kompetansemål frå læreplanane i naturfag for 5.-10. steg og knyt desse til grunnleggande tema i fysikk og kjemi, som mellom anna energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, periodesystemet, kjemiske bindingar, massebevaring og kjemiske reaksjonar.
I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring og utforsking er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om undervisning og læring av naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar, omgrep og modellar
kunnskap om teknologi og programmering i naturfag
kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
kunnskap om krefter, rørsle, elektromagnetisme, lyd og lys, og korleis elevar kan arbeide praktisk og utforskande med slike tema
kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
kunnskap om bruk av partikkelmodellen for å konkretisere oppbygging av ulike stoff og for å forklare fysiske i endringar og fenomen i dagleglivet og naturen
kunnskap om atommodellar, korleis periodesystemet er bygd opp og periodiske trendar
kunnskap om eigenskapar til grunnstoff og kjemiske bindingar
kunnskap om massebevaring, syre-base reaksjonar, pH, korrosjon og forbrenningsreaksjonar.
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
- gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar.
Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk laboratoriearbeid. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Emnet har arbeidskrav som må gjennomførast. Detaljar knytt til desse vert kunngjorde på Canvas, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene. | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått. |