Semestre
KRO1A Kroppsøving i skulen
Ingen.
Emnet skal førebu studenten i å leie elevar i både utforskande prosessar og regelstyrte aktivtetar som gir mulighet for mestring ut frå eleven sine føresetnader. Gjennom studiet skal studenten utvikle seg som tilretteleggar for læring i kroppsøving og det har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Som ein del av dette skal studenten jobbe med både praktiske og teoretiske tilnærmingar til faget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om gjeldande læreplan i kroppsøving, faget sin eigenart, legitimering og korleis faget heng saman med andre skulefag.
- kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving
- kunnskap om tilpassa opplæring og inkludering i kroppsøving.
- kjennskap til barn og unge si utvikling, og til motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i kroppsøving.
- kunnskap om ulike undervisningsmetodar og aktivitetar i kroppsøving.
- kunnskap om trening, livsstil og helse.
Studenten kan:
- planlegge, gjennomføre og vurdere variert undervisning i kroppsøving i samsvar med læreplan.
- kan legge til rette for og leie læringsarbeid gjennom aktivitetar som til dømes symjing, livberging, leik, orientering, friluftsliv og alternative bevegelsesaktivitetar.
- kan utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar i kroppsøving.
- kan identifisere farer og ivareta elevane si sikkerhet i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø.
- kan utforske kroppslege uttrykk samt leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt.
Studenten kan:
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av egen profesjonalitet
- bruke tilpassa opplæring som en integrert del av arbeidsmåten i faget
- nytte relevant digital kompetanse i kroppsøving
- bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda. Samlingane skal sikre at studentane får eigne kroppslige erfaringar og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Det blir annakvar veke lagt ut nye nettleksjonar knytt til teori og planlegging av undervisning.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verktøy og læringsressursar vert vektlagt.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Arbeidskrav:
Gjenomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist.
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |