Semestre

KRO1A Kroppsøving i skulen

Emnekode: 
KRO1A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Haust
Eksamenssemester: 
2026 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

 

Emnet skal førebu studenten i å leie elevar i både utforskande prosessar og regelstyrte aktivtetar som gir mulighet for mestring ut frå eleven sine føresetnader. Gjennom studiet skal studenten utvikle seg som tilretteleggar for læring i kroppsøving og det har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte.  Som ein del av dette skal studenten jobbe med både praktiske og teoretiske tilnærmingar til faget. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har:   

  • kunnskap om gjeldande læreplan i kroppsøving, faget sin eigenart, legitimering og korleis faget heng saman med andre skulefag. 
  • kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving 
  • kunnskap om tilpassa opplæring og inkludering i kroppsøving. 
  • kjennskap til barn og unge si utvikling, og til motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i kroppsøving. 
  • kunnskap om ulike undervisningsmetodar og aktivitetar i kroppsøving. 
  • kunnskap om trening, livsstil og helse. 
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • planlegge, gjennomføre og vurdere variert undervisning i kroppsøving i samsvar med læreplan. 
  • kan legge til rette for og leie læringsarbeid gjennom aktivitetar som til dømes symjing, livberging, leik, orientering, friluftsliv og alternative bevegelsesaktivitetar. 
  • kan utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar i kroppsøving. 
  • kan identifisere farer og ivareta elevane si sikkerhet i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø. 
  • kan utforske kroppslege uttrykk samt leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt. 
Generell kompetanse

Studenten kan: 

  • ta ansvar for kontinuerlig utvikling av egen profesjonalitet 
  • bruke tilpassa opplæring som en integrert del av arbeidsmåten i faget 
  • nytte relevant digital kompetanse i kroppsøving 
  • bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda. Samlingane skal sikre at studentane får eigne kroppslige erfaringar og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Det blir annakvar veke lagt ut nye nettleksjonar knytt til teori og planlegging av undervisning. 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verktøy og læringsressursar vert vektlagt. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
 

Arbeidskrav:

Gjenomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist. 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Tore Kjetil Sørheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Godkjent av: 
Unni Hagen