Semestre

HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 1536–1870

Emnekode: 
HI112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
World history and Norwegian history from ca 1536 to ca 1870
Emnenavn på bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå 1536 og fram til ca. 1870. Vi legg vekt på å forklare overgangen frå det førindustrielle jordbrukssamfunnet til industrisamfunnet både i Noreg og Europa, og betydninga av dei politiske omveltingane i Noreg, Europa og Nord-Amerika i perioden. Vi legg òg opp til å sjå Europa i eit globalt perspektiv, og forklare kvifor Europa gjekk frå framleis å vere ein utkant i global samanheng ved inngangen til nytida, til at verdsdelen i denne perioden etablerte fullstendig verdshegemoni.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå 1536 til ca. 1870 og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal vere om lag 2500 ord og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ola Teige
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i religion og livssyn
  • Historie - årsstudium
  • Historie - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under "Vilkår for å framstille seg til eksamen" (arbeidskrav). I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.
Oppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Alle.
3000-3500 ord
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ein justerande, munnleg eksamen der studenten kan prøvast i ulike delar av pensum.
Ingen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS102N
1,5
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2020