Semestre

HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870

Emnekode: 
HI112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
World history and Norwegian history from ca 1536 to ca 1870
Emnenavn på bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå 1536 og fram til ca 1870. Vi legg vekt på å forklare overgangen frå det førindustrielle jordbrukssamfunnet til industrisamfunnet både i Noreg og Europa, og betydninga av dei politiske omveltingane i Europa og Nord-Amerika i perioden. Vi legg òg opp til å sjå Europa i eit globalt perspektiv, og forklare kvifor Europa gjekk frå framleis å vere ein utkant i global samanheng ved inngangen til nytida til at verdsdelen i denne perioden etablerte fullstendig verdshegemoni.

Læringsutbytte

Kjem.

Kunnskapar

Det er eit mål at studenten- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1600 til ca 1870 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom innanfor desse rammene- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer- kan presentere eit fagstoff munnleg etter førebuing- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Generell kompetanse

Ingen.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet hausten 2015. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema.All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den ferdige oppgåva skal ha eit omfang av 3000–3500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere utkast til oppgåva nemnt under det første punktet, for lærar og medstudentar. På førehand skal studenten levere eit skriftleg oppsett til presentasjonen, og under seminaret skal studenten svare på spørsmål og kommentere innspel til utkastet, alt i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
50
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium
  • Historie - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Dag
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under arbeidskrav.

Ein munnleg justerande eksamen der studenten kan prøvast i ulike delar av pensum.

Oppgåva skal leverast elektronisk i Fronter.
3000-3500 ord
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS102N
1,5