Semesters

DKL112N Læringsdesign og klasseromsleiing i teknologirike læringsmiljø

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
DKL112N
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Rapporteringsprogram: 
Digital kompetanse i læring, opne emne
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I skulen og klasserommet skal læraren halde fast ved skulen si kjerneverksemd samstundes som han/ho skal tilrettelegge for bruk av digitale verktøy i elevane sitt læringsarbeid. Det kan vere utfordrande å integrere og balansere “det nye” og “det gamle” i eit komplekst samspel.I emnet DKL112 ser vi nærare på samanhengen mellom klasseleiing og læringsdesign i teknologirike klasserom. Å auke medvitenheita kring denne samanhengen kan gjere det enklare for lærarar å oppleve å ha struktur og oversikt i klasserommet, også når IKT vert brukt.

Læringsdesign fokuserer på planlegging, utforming og gjennomføring av læreprosessar som også involverer teknologi. Klasseleiing er ein pedagogisk kjernekompetanse som handlar om læraren si evne til å tilrettelegge for elevane si læring, individuelt og i fellesskap. I DKL112N har vi fokus på samspelet mellom læringsdesign og klasseleiing, og vektlegg studenten si utvikling av eigen yrkespraksis. Emnet tek utgangspunkt i det daglege virket til pedagogen og har ei praktisk tilnærming til undervisningsplanlegging, anten for den vidaregåande skulen, for ungdomskulen eller barneskulen. Studenten planlegg undervisning for sine elevgrupper (der dette er mogleg). Didaktisk arbeid med digitale verkty og ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessen til dagens born og unge. Studentane får opplæring og erfaringspraksis i planlegging og utforming av undervisning med digitale verkty, og kunnskap om ulike metodar, læringsressursar og verkty for ulike typar læringsaktivitet og kurs. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om læringsdesign i teknologirike miljø
  • har kunnskap om klasseleiing i teknologirike læringsmiljø
  • har kunnskap om designtenkning og forholdet til problemløysning og læring
  • har grunnleggande kunnskap om prosessar i læringsdesign og modellering av læringsdesign
  • har grunnleggjande kunnskap om born og unge sin mediekultur
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan reflektere over eigen praksis og justere den under rettleiing
  • kan ta i bruk kunnskap og relevante resultater frå forskningsarbeid i praktiske og teoretiske oppgåver og gjere velbegrunna val
  • kan lage og bruke eit læringsdesign til bruk i ein læringssamanheng
  • kan evaluere og vurdere læringsdesign
  • kan reflektere over eigen praksis og læringsprogresjon
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har forståing for korleis teknologiutviklinga endrer premiss for undervisningsplanlegging/læringsdesign og klasseleiing
  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

Kva for arbeidskrav som ligg til grunn vil til ei kvar tid gå fram av gjeldande semesterplan.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Synnøve Moltudal
Studieavgift

Kr. 4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad